11. mars 2018

Richard Lloyd: Everything Is Combustible (2018)

Av dei banda som var sentrale i miljøet rundt klubben CBGB i New York midt i 1970-åra var Television det mest interessante. Eg høyrde ikkje noko på dei då, det tok mange år før eg kjøpte Marquee Moon, som er ei glimrande plate. Til liks med mange andre band kom dei saman etter mange år, og då dei spelte i Bergen for tre-fire år sidan vurderte eg sterkt å reisa. Eg droppa det, og angra nok litt då det viste seg at dei var på turné for å spela Marquee Moon-plata.

På den turneen var ikkje Richard Lloyd med. Han var ein av dei to gitaristane i bandet, og det var samspelet mellom desse to som var den store styrken til bandet. Bandet vart oppløyst i 1978, men kom saman igjen i 1992, og Lloyd var med fram til 2007.

Etter at Lloyd er ferdig med å fortelja om oppveksten sin, handlar boka stort sett om tre ting - sex, dop og rock'n'roll. Pluss ein liten dose galskap - Lloyd var innlagt ved fleire høve i oppveksten. Han flyttar til New York, der han lever av dei tre nemnde emna. Han gjer det han kan for å verta betre på gitar, og har ei merkverdig evne til å verta kjend med kjende musikarar, som Hendrix, litt med Jimmy Page, litt med John Lee Hooker. Så kjem han saman med gitaristen Tom Verlaine, og dei går saman med to andre i Television.

Verlaine er heile tida leiaren i bandet, og Lloyd har både godt og gale å seia om han. Mot slutten vert det mest gale, han meiner at viss Verlaine hadde lært seg å seia ja litt oftare, kunne Television vorte eit langt større band. Etter at dei vert oppløyst er det framleis musikk Lloyd lever av, men han drikk altfor mykje, og dopar seg altfor mykje.

Det er ei god bok. Lloyd framstår rett nok som heller ustabil, og han teiknar eit svært imponerande bilete av seg sjølv - han meiner at han har så godt minne at han kan hugsa sin eigen fødsel. Men han kan mange gode historier, og han er ein god forteljar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar