8. september 2013

Keith Cameron: Mudhoney. The Sound and the Fury From Seattle (2013)

Mudhoney er ikkje det bandet eg høyrer mest på, men eg les gjerne intervju med dei. Dei er underhaldande, Mudhoney legg aldri skjul på at dei har det hylande triveleg i lag. Dei ler, både av og med seg sjølv, og saman med publikum og andre.

Stor suksess har dei eigentleg aldri hatt. Dei var eitt av dei aller fyrste grungebanda, men gav ein god ein i det kommerse. Der fleire andre band frå heimbyen Seattle vart superstjerner, heldt Mudhoney seg eitt eller fleire nivå under. Historia deira er altså ei historie om dei som nesten slo gjennom.

Det er ei underhaldande historie, som vert litt for nøkternt fortalt av Keith Cameron. Han har gjort ei mengd intervju i samband med boka, og bruker sjølvsagt òg andre kjelder, men det kjem ikkje så mange døme på kor treffande utsegn dei i bandet kan koma med. Den beste kommentaren i boka er det Mark Lanegan, frå Screaming Trees, som kjem med. Han snakkar om den ST-turneen der Dan Peters frå Mudhoney vikarierte bak trommene: "It was like prison. Without the sex".

Mudhoney har drive på i 25 år, medrekna minst ein pause der gitaristen Steve Turner slutta for å gå tilbake til universitetet. Etter ein lengre pause rundt årtusenskiftet, etter at bassisten Matt Lukin, slutta, held dei framleis koken, i alle fall delar av året. Den nye bassisten arbeider som sjukepleiar, så dei legg turneane sine til fire av dei seks ferievekene hans, og spelar òg av og til konsertar i frihelgene hans. Det er ei befriande annleis haldning til det å spela i band, og det er hovudinntrykket av bandet etter å ha lese denne boka: Dei spelar saman berre for å ha det kjekt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar