30. august 2010

Joe Simpson: Touching the Void (1988)

Eg har så vidt nemnt det før: Det er ikkje uvanleg at dei som har gjort noko nytt eller eksepsjonelt i naturen skriv bøker om det i etterkant. Slik er det òg her. Saman med kameraten Simon Yates vert Joe Simpson den fyrste som klatrar opp vestveggen på Siula Grande, eit 6344 meter høgt fjell i Peru. Bøker om fjellturar har lett for å verta like, skal bøkene skilja seg ut frå dei andre må der skje eit eller anna spesielt. Slik er det absolutt her.

Dei kjem seg til topps, og har brukt omtrent like lang tid som planlagt. Problema kjem på nedturen, slik det ofte gjer. Dei gjekk ei anna rute ned, og hadde brukt for lita tid på å gjera seg kjende med denne ruta. Det var langt meir strevsamt enn dei hadde tenkt. Sidan dei tenkte at det skulle gå raskare, hadde dei berre med seg éin brennar til å smelta snø, og hadde heller ikkje med seg mykje mat. Dei gjekk difor raskare enn dei hadde tenkt.

Snøen var i lausaste laget, slik at dei ikkje alltid var godt nok sikra utfor stupa og hamrane. Ein stad gjekk det gale - Simpson fall fleire meter ned, og øydela kneet sitt. Totalt. Heldigvis er dei over det verste, og dei improviserer ei naudløysing. Yates firer Simpson så langt ned han kan, Simpson set seg på trygt han kan, Yates klatrar ned til han, og firer Simpson ned ei taulengd til. Slik kjem dei seg nærmare og nærmare dalbotnen. Dei er nesten nede då det går gale igjen. Det kjem eit nytt stup, der Simpson vert hengande utanfor stupet. Yates merkar at noko har skjedd, men veit ikkje kva. Han sit i ei lita hole dei har laga, der han har spenntak, og kan ikkje flytta seg nedover for å sjå kva som har skjedd. Han har heller ikkje noko å festa tauet i, slik at han gjer det einaste som i alle fall kan redda han. Han finn fram ein kniv, og kappar tauet.

Då Yates kjem seg forbi stupet, skjønar han at Simpson må vera død. Under stupet er det ei enorm bresprekk, og sidan han ikkje kan sjå spor etter Simpson nokon stad, må Simpson ha falle rett ned i sprekka. Yates går ned til leiren, der ein tredje kamerat ventar, og etter nokre kviledagar gjer dei seg klare for å returnera til Lima. Den siste natta vaknar dei av at nokon utanfor teltet ropar på Yates. Dei spring ut, og finn ein halvdaud Simpson, som hadde greidd å koma seg opp frå sprekka, der han hadde landa på ei isbru, og som etterpå hadde krabba dei ti-tolv kilometrane ned til leiren, dels på isbre, dels i eit lite brukarvenleg morenelandskap.

Det er ei utruleg historie, men det beste med boka er at det er glimrande fortalt. Her er ingen store faktar eller sensasjonelle vendingar, Simpson bruker heile tida eit nøkternt og fargerikt språk. Han får godt fram korleis humøret svingar frå pessimisme (på isbrua nede i sprekka) til optimisme (då han kjem seg opp på breen igjen) og attende. Nokre kapittel har han skrive frå Yates sin ståstad, og det fungerer godt. Det er ein klisjé, men likevel: Det var uråd å leggja frå seg denne boka før eg var ferdig.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar