Det finst to typar festskrift. Ein kan anten be ulike forfattarar skriva fritt om tema som på eitt eller anna vis kan knytast til vedkomande som vert heidra, eller ein kan be ulike forfattarar skriva om vedkomande som vert heidra. Den fyrste varianten er oftast den mest interessante. Dette festskriftet er diverre laga etter den siste varianten.
Her vert det altfor mykje hylling. Det er greitt at det høyrer med til festskriftsjangeren, men likevel: Dei som les dette festskriftet ukritisk må tru at Egner kan gå på vatnet. Han har gjort mykje bra, sjølvsagt, men det må vera måte på. Lesebøkene hans er gode, og det er ikkje vanskeleg å sjå at Hakkebakkeskogen eller Kardemomme by fengar dei yngste. Dei fenga òg meg då eg var mindre.
Som vaksen lesar/lyttar vert det meir tydeleg at Egner var langt flinkare til å dikta historiar og å skapa gode figurar og miljø. Tekstane hans er ikkje like geniale som det vert hevda i denne boka; spesielt i songtekstane er det lite som minner om eit geni. Her er det naudrim på naudrim.
Festskriftet burde òg vore strammare redigert. Fleire av artiklane overlappar kvarandre, og det er grenser for kor ofte det er interessant å lesa om ulike oppsetjingar av dei ulike stykka hans.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
17. august 2010
Harald L. Tveterås og Fredrik Matheson (red.): En bok om Thorbjørn Egner (1972)
Etikettar:
litteratur,
Norge
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar