22. januar 2022

Roland Huntford: Shackleton (1985)

Roland Huntford har skrive tre biografiar om polfararar. Alle er strålande, og denne kan godt vera den beste av dei tre. Den viktigaste grunnen er sjølvsagt at han har full kontroll over emnet sitt, men like viktig kan det vera at ekspedisjonane til Ernest Shackleton berre vart meir og meir dramatiske. I tillegg er her mykje underliggjande drama. Tilhøvet mellom Shackleton og Robert Falcon Scott var dårleg. Shackleton hadde eit litt uryddig familieliv. Og han hadde truleg ein hjartesjukdom heile livet, noko som gjer prestasjonane hans endå meir utrulege.

Han var på tre polar-ekspedisjonar. På den fyrste, 1901-04, sette han saman med Scott og Edward Wilson ny sørleg rekord. Spesielt langt kom dei ikkje, sidan dei ikkje gjekk på ski, og sidan dei hadde med seg hestar i staden for hundar. Shackleton vart dårleg på heimturen, og måtte hjelpast av dei to andre. Då Scott seinare skulda forklara kvifor dei ikkje nådde polpunktet la han all skulda på Shackleton. Shackleton utrusta ein eigen ekspedisjon, 1907-09, og sette no ny sørleg rekord. Han snudde berre 180 kilometer frå polpunktet, noko som var klokt i seg sjølv - det var opplagt at dei ikkje ville ha overlevd ein tur heilt sør. Scott gjekk igjen ut mot Shackleton, og meinte at det var eit løftebrot at Shackleton hadde gått i land i den gamle leiren hans. Det hadde Shackleton lova, men han kom ikkje i land andre stader. Også her brukte han hestar, og også her droppa han ski - hadde han lært seg å bruka ski og hundar ville han nådd Sydpolen. 

Neste gong, 1914-17, ville han gå i land på den andre sida av kontinentet, og dermed verta den fyrste som kryssa Antarktis. Det gjekk heilt gale, han kom seg ikkje ein gong i land. Skuta hans fraus fast i isen, og dei 28 om bord måtte gå til fots på isen så langt nord dei kom, før dei brukte livbåtane til å nå den isolerte Elefantøya. Herfrå tok Shackleton med seg fem menn i den største livbåten, og dei segla 1300 kilometer mot nordaust, til Sør-Georgia. Utruleg nok fann dei vegen, men våga ikkje sigla rundt øya, til den folkesette nordsida av øya. I staden gjekk Shackleton og to andre til fots over øya. Rundt 40 kilometer, i bratt og glatt terreng, der det høgaste punktet låg rundt 1000 meter over havet, fann dei vegen. Dei sende ein båt til sørsida for å henta dei tre andre, og fekk seinare redda alle som venta på Elefantøya.

Det er altså ei rimeleg utruleg historie, som altså vert fortalt eksemplarisk. 

Guffen tilrår.  

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar