6. januar 2019

Paul Auster: The Brooklyn Follies (2005)

Ei litt rar oppleving, dette. Boka er velskriven, og med unntak av eitt kapittel er ho aldri dårleg. Problemet er kanskje heller at ho aldri vert verkeleg god.

Hovudpersonen, Nathan Glass, flyttar til Brooklyn for å døy. Kona har gått frå han, han har nett kome heilskinna ut av ein kreftkur, og har pensjonert seg frå jobben i eit forsikringsselskap. Det viser seg at han er litt for glad i livet, og litt for glad i liva til dei rundt han, til at han held fast med planen om å døy. Han møter mange folk på sin veg: Ein eksentrisk bruktbokhandlar med ei variert fortid. Nevøen sin, som har lagt planane om ei universitetskarriere på hylla, og som i staden arbeider i bruktbokhandelen. Ein forskrudd religiøs kar i South Carolina, som har gifta seg med niesa til Nathan. Dotter til niesa, ei ni år gamal jente som ikkje snakkar. Ei godt gift kvinne som viser seg å vera lesbisk. Eks-kjærasten til bruktbokhandlaren, ein mann som tidlegare har forfalska måleri, men som no hevdar å forfalska litterære manuskript frå gamle dagar.

Og så vidare. Auster smør på med for mange rare karakterar, og dei fleste av desse har ein rar forhistorie. Det fører ikkje boka vidare. Det er altså heilt greitt å lesa ho, men det vert ikkje den store Auster-opplevinga av det.

Boka sluttar med at Nathan går glad og nøgd nedover ei gate. Det har ordna seg for dei aller fleste rundt han, i alle fall dei som har overlevd, og boka ser altså ut til å få ein lukkeleg slutt. Men, skriv Auster, klokka passerer åtte om morgonen, og datoen er 11. september 2001.

Og eg har forresten ei kjensle av at ordet austere dukkar opp ein gong i kvar bok han har skrive. Denne gongen var det på side 250.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar