6. januar 2019

Glen E. Friedman: My Rules (2014)

Glen E. Friedman er ein amerikansk fotograf. Tidleg i 1980-åra gav han ut fanzina My Rules, som skal ha hatt eit opplag på 10 000, og som dermed var den fanzina som selde mest. Motiva hans kom frå ulike undergrunnskulturar - grovt sett kan ein seia at han fyrst fotograferte skatarar, så punkarar og rockarar, deretter rapparar.

I denne boka, som er på over 300 sider, er hundrevis av bileta hans samla. Dei kjem ikkje kronologisk, men kvart oppslag har eit samla tema. Mange av dei han har fotografert eller fotografert for oftast har skrive korte tekstar - anten om Friedman, om bileta, eller om seg sjølv.

Banda han fotograferer oftast er Fugazi, Bad Brains, Black Flag, Dead Kennedys, Beastie Boys, Run-D.M.C. og Public Enemy, men her er òg bilete av mange andre. Han likar godt å gå tett på motiva sine - er han på konsert er han heilt framme ved scena, gjerne nokre centimeter frå musikarane. Slik er det òg når han fotograferer skatarar - desse bileta er gjerne teke ved noko som minner om tomme symjebasseng, og Friedman ligg heilt inntil punktet der dei hoppar høgast.

Guffen tilrår.

Meir Friedman på kulturguffebloggen
Keep Your Eyes Open (2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar