4. januar 2019

Peter Guralnick: Careless Love (1999)

Del to av ein finfin biografi. Boka har undertittelen "The Unmaking of Elvis Presley", og det er akkurat det som skjer i denne boka. Boka opnar med at Elvis reiser til Tyskland, der han er i militæret i eit og eit halvt år. Han kjem tilbake til USA, og er framleis den største stjerna i landet. Og det er om lag her det går gale for Elvis: I staden for å satsa på musikken, går tida med til å laga ei endelaus rekkje filmar. Kvaliteten er dårleg, men inntektene er gode, og Elvis gjer som den pengegriske og knallharde manageren hans, Colonel Tom Parker, vil.

Guralnick har full kontroll over stoffet sitt. Han veit kvar han skal stoppa opp og gå langt ned i detaljane, og kvar han ikkje skal gjera det. Boka dekkjer tida frå 1958 til 1977, og i desse åra er det berre to gonger han verkeleg stoppar opp: I juni 1968, då Elvis returnerer til konsertscena, og i august 1977, då han døyr. Tida fram til 1968 er det lite å rapportera om - livet går i sirklar, der Elvis spelar inn fleire filmar i året, spelar inn plater som (oftast) er like keisame som filmane, vassar i damer, og er omgitt av den vanlege forsamlinga med ja-folk.

I 1970-åra endrar ting seg, men berre litt: Også her går livet på repeat, men filminga er erstatta av konsert-turnear, og konsertrekkjer i Las Vegas. Elvis isolerer seg meir og meir, les mange rare bøker, og et mange rare tablettar. Guralnick teiknar eit klart bilete av Elvis, han vert ein person det er vanskeleg å forstå. Han tente og brukte enormt med pengar, han var så stor kjendis at han fekk alt og alle han peikte på, og med unntak av den nærmaste familien og Parker vart dei som snakka mot han eller var usamde med han sendt vekk.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar