29. mai 2025

Erik Thomassen: De valgte å slåss (2021)

Eg les ein del historie, men eg har ikkje lese altfor mykje om andre verdskrigen. Eg veit litt om kva som skjedde på Voss i april 1940, men eg lærte mykje meir av denne boka. Thomassen skriv om det han kallar Vestlandshæren, eit omgrep han bruker om dei soldatane som mobiliserte på Voss, og som var i kampar på Voss, i Hallingdal og i Valdres. 

Thomassen går detaljert til verks. Boka kunne godt hatt betre kart, men dei som hentar fram eit godt kart medan dei les boka kan fylgja soldatane time for time. Han bruker både samtidige og nyare kjelder, og det friskar stort opp at han ofte siterer frå artiklar eller brev skrivne av dei som faktisk var med. 

Dette var den einaste staden mobiliseringa verkeleg fungerte i 1940, og sjølv om det var mange frivillige og urøynde soldatar, hevda dei seg stort sett godt. At nokre fekk ulike reaksjonar desse vekene er ikkje å undrast over. Det er verre å sjå korleis offiserar ofte trekte seg vekk, og nokre av dei får svært dårleg omtale. Noko av dette er rett nok henta frå rapportar skrivne av andre offiserar etter krigen, men likevel: Under kampane i Valdres gjorde ikkje dei norske soldatane seg god nok nytte av idelle forsvarspunkt, av di offiserane heller ville trekkja seg tilbake. Boka viser òg tydeleg kor lite budde på krig Noreg i det heile var. 

Guffen tilrår. 

28. mai 2025

Bergljot Hobæk Haff: Gudsmoren (1977)

Ei fin forteljing om ei som held til på eitt av dei lågaste trinna på stigen. Ho vert berre omtalt som "den vesle" eller "Madonna", eller ein kombinasjon av desse namna. Ho er ikkje spesielt oppvakt, og får slettes ikkje med seg mykje av det som skjer. Ho er prostituert, og held seg mest saman med kundar eller med andre prosituterte. 

Den 24. mars vert ho gravid. Det var uventa, ho har hatt så mange abortar at ho rekna med at ho ikkje kunne få born. Ho bestemmer seg for å få barnet, sjølv om ho truleg ikkje veit kva det vil føra med seg. Ho bur i eit iskaldt hus, og er ikkje i stand til å ta seg av eit barn. Ho er heller ikkje frisk; ho hallusinerer til dømes mykje.

Barnet vert fødd på dagen ni månader seinare, altså på jolafta. Fram til dess har boka vore full av bibelske referansar - ho får til dømes rett som det er besøk av dei tre mennene Kaspar, Baltazar og Melchior. For å ta eitt av mange døme.

Det er ei fin bok, der sympatien heile tida ligg hjå hovudpersonen. Slik er det ofte hjå Haff, ho skriv gjerne om dei som treng hjelp. 

Guffen tilrår. 

Meir Haff på kulturguffebloggen
Bålet (1962)
Skammen (1996)
Den evige jøde (2002)

26. mai 2025

David Leaf: Smile. The Rise, Fall & Resurrection of Brian Wilson (2025)

Det bør nesten vera plankekøyring: Forfattaren bak ei av dei finaste bøkene om Beach Boys skriv ei bok om den kanskje aller beste Beach Boys/Brian Wilson-plata. Likevel er det ikkje altfor mykje å skryta av.

Kortversjonen: I 1966, medan dei andre i Beach Boys var på turné skreiv Brian Wilson fantastisk musikk. Han fekk nokre fantastiske musikarar til å spela det inn, og planen var at dei andre i bandet skulle syngja dei fantastiske tekstane til Van Dyke Parks. Slik gjekk det ikkje. Dei andre likte ikkje musikken, og spesielt ikkje Mike Love, som meinte at dei ikkje burde kødda med suksessformelen. Plata vart lagt vekk. Wilson gjekk i indre eksil. Mange, mange år seinare vart plata spelt inn på ny, etter ein turné der Wilson hadde med seg unge musikarar. Eg såg dei i Oslo, og det var stort. Stort.

Kvifor fungerer ikkje boka? Ho er dårleg redigert. Leaf lét mange andre koma til orde, men teksten er sett opp på ein måte som gjer at det er vanskeleg å sjå kvar sitata deira opnar og sluttar. Han går altfor grundig til verks, det er opplagt at mange av sitata kunne vore korta ned eller kutta ut. Isolert sett fungerer det greitt, men det er grenser for kor mange gonger me treng å lesa at nokon synest dette er fin musikk. To stader kjem det kapittel der fansen får koma til orde, og - surprise, surprise - dei er òg kjempenøgde. I tillegg til alt dette er Leaf litt for glad i å ta med sitat der han sjølv er nemnt. 

Guffen er lunken. 

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Luiz Sanchez: Smile (2014)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)

23. mai 2025

The other Side of the Wind (2018)

Den store regissøren Orson Welles vart aldri ferdig med denne filmen. Det handla visst mest om pengar - filmen var spelt inn i 1970-åra, men han fekk ikkje finansiert fullføringa. Welles døydde i 1985. Mange år seinare tok nokon tak i filmklippa som eksisterte, og prøvde å vera så rettferdige mot tankane til Welles som råd. Kor tett opp til tankane til Welles dei greidde å leggja seg, er det ingen som veit sikkert.

Det handlar om den gamle regissøren Jake Hannaford. Han feirar 70-årsdagen sin, med svært mange gjestar, og underhaldninga på festen er vising av scener frå filmen han jobbar med. Det er altså to filmar i eitt, sjølv om det er vanskeleg å få med seg alt i filmen til Hannaford. Ut frå det me ser, handlar det litt om kor frigjorte ungdommen i 1970-åra er, men det ser òg ut til å vera ein film som er litt vel kunstnarleg.

Filmen om 70-årsfeiringa er full av journalistar og andre som stiller spørsmål til Hannaford. Han får spørsmål om alt, og det får òg andre rundt han. Pressa vil vita absolutt alt om privatlivet hans; sjølv er han meir oppteken av å snakka om filmane han har laga.

Det er ein litt rotete film. Humoren er ikkje stor nok, og dialogane er òg uventa ordinære. Eg har vondt for å tru at det var slik Welles ville at filmen skulle vera.

Guffen er lunken. 

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

21. mai 2025

Kim Hiorthøy: Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig (2002)

Ei fin, lita bok med rundt 45 korte tekstar. Dei aller fleste er på under ei halv side, men på desse linene kan det skje mykje. Her er som regel noko å smila eller le av. Det kan minna litt om Erlend Loe, og det kan minna litt om Ragnar Hovland.

Er det fellestrekk mellom tekstane? Nja, eg ser ikkje noko som er felles for alle 45, men noko går att. Mange av tekstane handlar om (det eg trur er) unge menn og kvinner. Av og til forstår dei kvarandre, andre gonger slit dei litt. Nokre av forteljarane er òg noko forsiktige og usikre av seg.

Ein smaksprøve? Me tek like godt opningsteksten: "En morgen, rett etter frokost, ringte det på. Jeg gikk mot døren for å åpne, men så begynte jeg å nøle. Det ringte på noen ganger til, så sluttet det. Jeg rørte meg ikke. Først etter omtrent en halvtime åpnet jeg døren, og da var det ingen der".

Guffen tilrår.  

19. mai 2025

Thomas Mann: Døden i Venezia og to andre noveller (1913)

Det er vel dette eg vanlegvis skriv etter å ha lese ei bok i klassikar-serien til Skald: Det aller finaste med å vera abonnent her er at eg får tilsendt bøker av forfattarar eg truleg burde ha lese noko av. Thomas Mann er ein slik forfattar. Det står minst éi bok av han ein stad i huset, men eg trur ikkje eg har lese noko av han før.

Gav dette meirsmak? Nja. Her er tre noveller i boka - "Tonio Kröger", "Døden i Venezia" og "Mario og trollmannen". Dei to fyrste er rimeleg like i tone (og innhald), den siste er meir lystig. "Tonio Kröger" er noko langdryg, der hovudpersonen/forteljaren legg ut på ei reise gjennom Europa. Både i denne og i "Døden i Venezia" er hovudpersonen forfattar, og begge desse forfattarane ser ut til å vera over snittet interesserte i unge, vakre gutar. "Døden i Venezia" er betre, der forteljaren endar opp i Venezia. Byen vert råka av ein dødeleg epidemi, men han greier ikkje reisa vekk - han vil vera der den unge guten han drøymer om er. 

"Mario og Trollmannen" handlar om ei framsyning på eit sirkus, der ein hypnotisør trollbind publikummet sitt. Trollmannen (i den siste novella) og forteljarane (i dei to fyrste) har noko til felles: Dei skapar illusjonar som folk kan gå inn i. 

Guffen er lunken. 

18. mai 2025

Nr. 24 (2024)

Ja, det vert laga for mange norske filmar om krigen. Denne filmen får likevel godkjent, dels av di det handlar om ein av dei som verkeleg kan kalla seg krigshelt. Gunnar Sønsteby var med på rundt tjue sabotasje-aksjonar under krigen. Fleire av dei han samarbeidde med vart tekne og drepne; sjølv kom han seg levande gjennom krigen. 

Etter krigen vart han etter kvart mykje brukt som foredragshaldar, og det er eit slikt foredrag som er bakgrunnshistoria her. Han snakkar til ei forsamling ungdomar på Rjukan, der han sjølv vaks opp, og kutt frå foredraget hans vekslar med dramatisering av livet hans under krigen. Det er ei løysing som fungerer godt, og som gjev filmen nerve. 

Filmen opnar med at Sønsteby og ein ven er på skitur (på Gaustatoppen, trur eg). Dei har ein liten politisk debatt der, og dei møtest òg igjen under krigen. Mot slutten av krigen får Sønsteby sjå eit brev der venen fortel det tyske politiet at han kan hjelpa dei med å fanga Sønsteby. Sønsteby ser ikkje anna råd enn å senda to medarbeidarar til Rjukan for å drepa venen. Etter foredraget vert han konfrontert med dette av oldebarnet til bror til han som vart drepen. Det er òg eit godt grep, det får fram at dei største heltane frå krigen også gjorde ting mot nordmenn, ikkje berre mot tyskarar. 

Guffen tilrår.