Ja, det vert laga for mange norske filmar om krigen. Denne filmen får likevel godkjent, dels av di det handlar om ein av dei som verkeleg kan kalla seg krigshelt. Gunnar Sønsteby var med på rundt tjue sabotasje-aksjonar under krigen. Fleire av dei han samarbeidde med vart tekne og drepne; sjølv kom han seg levande gjennom krigen.
Etter krigen vart han etter kvart mykje brukt som foredragshaldar, og det er eit slikt foredrag som er bakgrunnshistoria her. Han snakkar til ei forsamling ungdomar på Rjukan, der han sjølv vaks opp, og kutt frå foredraget hans vekslar med dramatisering av livet hans under krigen. Det er ei løysing som fungerer godt, og som gjev filmen nerve.
Filmen opnar med at Sønsteby og ein ven er på skitur (på Gaustatoppen, trur eg). Dei har ein liten politisk debatt der, og dei møtest òg igjen under krigen. Mot slutten av krigen får Sønsteby sjå eit brev der venen fortel det tyske politiet at han kan hjelpa dei med å fanga Sønsteby. Sønsteby ser ikkje anna råd enn å senda to medarbeidarar til Rjukan for å drepa venen. Etter foredraget vert han konfrontert med dette av oldebarnet til bror til han som vart drepen. Det er òg eit godt grep, det får fram at dei største heltane frå krigen også gjorde ting mot nordmenn, ikkje berre mot tyskarar.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar