9. juni 2025

J.D. Salinger: The Catcher in the Rye (1951)

Denne står vanlegvis høgt oppe på listene over dei beste amerikanske romanane. Det er ikkje vanskeleg å forstå - boka er velskriven og fengande. Me får eit fabelaktig portrett av forteljaren, og boka seier i tillegg mykje om korleis det var å vera ein ung mann i åra rett etter andre verdskrigen. Forteljaren, Holden Caulfield, slit med å leva opp til dei store forventningane folk rundt han har.

Ein av grunnane kan vera at han slit litt mentalt. Nokre få gonger dukkar det opp eit "du" i teksten, og det er tydeleg at nokon har bede han å fortelja om livet sitt. På den siste sida refererer han til "this one psychoanalyst guy they have here", og det kan tyda på at han er innlagt. 

Han har prøvd seg ved fleire universitet, men han vert kasta ut av alle. Boka fortel om dei to-tre dagane etter at han vart kasta ut av det siste. Han reiser til New York, der familien bur, men han oppsøkjer dei ikkje. Han tek i staden inn på hotell, han ringjer til perifere kjenningar, han går på bar og prøver å verta kjend med folk eller å plukka opp damer. Han prøver heile tida å skapa inntrykk av at det er alle andre som er idiotar og vanskelege, men Caulfield er eit godt eksempel på ein forteljar me ikkje skal stola på: Det er jo han som er den vanskelege. Han er grunnleggjande negativ til alt og alle. Han snik seg inn i heimen til foreldra for å snakka med veslesyster si, den einaste personen han ikkje snakkar drit om. Ho seier det som det er: "You don't like anything that's happening". Caulfield nektar, men då ho bed han om å seia ein einaste ting han likar, kjem han ikkje på noko.

Guffen tilrår. 

Meir Salinger på kulturguffebloggen
Nine Stories (1953)
Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)
Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

8. juni 2025

Tormod Haugland: Sirenene (2024)

Fleire av dei tidlege romanane til Haugland hadde korte titlar, der ordet i tittelen kunne ha ulike tydingar. Slik er det også her. Fleire gonger i boka snakkar folk om at dei høyrer sirener. Men dei to kvinnene hovudpersonen Tormod møter har òg noko mytisk og mystisk over seg, og kan godt vera sirener av det slaget me finn i gresk mytologi. Dei dukkar opp heilt ut av det blå, dei kan ikkje visa kvar dei kjem frå, dei bur ingen stad, osb. 

Tormod er i skogen for å leita etter ei bortkomen kvige då han finn ein pose med nyplukka blåbær. Han kjem over ho som har plukka bæra, den vaksne kvinna Norun, som er halvvegs på veg inn i ein bergsprekk. Ho er biten av ein orm, men Tormod syg ut gifta og følgjer ho tilbake til hytta ho bur i. Der er òg dottera Nora, som det viser seg at korkje har papir eller personnummer eller adresse. Tormod og Nora vert eit par. Tormod har kvelden før prøvd seg på ei ung kvinne han har kjent heile livet. Det gjekk ikkje, og på merkeleg vis døydde far hennar den kvelden. 

Det er ei finfin bok, der Haugland viser at han meistrar romankunsten godt. Ved inngangen til ein ny del av romanen kjem det eit kort referat frå det som har skjedd så langt, og her får me gradvis vita meir og meir. At han eine mannen døydde får me til dømes vita tidleg, me skal langt ut i boka før me får vita at Tormod var der då det skjedde.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Om livet på jorda (2021)

7. juni 2025

La Vie de Bohème (1992)

I 1990-åra, altså sist gong eg budde ein stad med eit godt og variert kino-tilbod, var det alltid eit høgdepunkt når det kom ein ny Kaurismäki-film. Denne er laga av Aki; andre var laga av broren Miki. Desse filmane var vel utan unntak både tragiske og komiske. Til mi store overrasking fann eg denne filmen på Netflix i går, og det var som før: Det er noko gjennomgåande trist og tragisk over filmen, samstundes som eg av og til ler så tårene trillar.

Filmen handlar om tre kunstnarar i Paris - diktaren Marcel, målaren Rodolfo og komponisten Schaunard. Ingen av dei har noko større suksess, alle bur på tronge og kalde hyblar, og alle har trua på at dei ein gong skal få det til. (Spoiler: Det gjer dei ikkje.) Av og til får dei inn pengar, spesielt Rodolfo er heldig og sel mange måleri til ein som burde vita betre, men når dei får inn pengar går det meste med til alkohol. 

Dei tre skodespelarane har stort sett det same, triste uttrykket heile tida. Eit lite unntak er når dei reiser på landtur saman med to kvinner. Likevel kan dei lira seg av dei løgnaste kommentarane i verda - ofte utan at dei sjølve ser humoren i det. Ein stor film, og ein fin inspirasjon til å halda augene opne for meir Kaurismäki.

Guffen tilrår.

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
I Hired a Contract Killer (1990)
Lys i skumringen (2006)

3. juni 2025

Daniel Rachel: Too Much Too Young (2023)

Rundt 1980 kom det ei forfriskande ska-bylgje. Det var absolutt eit alvor over mykje av platene som kom, men det musikken var mest av alt lystig og livsglad. Denne boka fortel historia om 2 Tone, eit plateselskap som fekk ei nøkkelrolle. 

Ideologen bak denne retninga var Jerry Dammers. Han skipa gruppa The Specials, som vart ei av dei viktigaste i ska-bylgja. Dei to andre tidlege gruppene var Selecter og Madness. Dei to fyrste kom frå Coventry, og begge hadde både svarte og kvite medlemmer. Kvinner fekk òg sentrale roller - vokalisten i Selecter var kvinne, og den reine kvinnegruppa The Bodysnatchers var òg del av bylgja.

Dei ville altså vera inkluderande. Likevel vart konsertane deira prega av vald og rasisme. Nynazistiske miljø vart dregne mot konsertane. Dei fleste av musikarane som vart intervjua tok klart avstand frå dette, men det kan ikkje ha vore populært at Chas Smash i Madness kom med eit trumpsk svar og sa noko slikt som at det finst fine folk i begge leirar.

Bylgja varte ikkje lenge. Madness vart eit popfenomen, medan dei andre banda gjekk fort til grunne, anten av di dei vart oppløyst, eller av di medlemmer gav opp. Rachel fortel historia grundig og godt. Han bruker sitat frå gamle og nye intervju, og skriv vel om alle gruppene som gav ut plater på 2 Tone. Nokre fortener denne omtalen, andre verkar rimeleg uinteressante på alle måtar.

Guffen tilrår. 

29. mai 2025

Erik Thomassen: De valgte å slåss (2021)

Eg les ein del historie, men eg har ikkje lese altfor mykje om andre verdskrigen. Eg veit litt om kva som skjedde på Voss i april 1940, men eg lærte mykje meir av denne boka. Thomassen skriv om det han kallar Vestlandshæren, eit omgrep han bruker om dei soldatane som mobiliserte på Voss, og som var i kampar på Voss, i Hallingdal og i Valdres. 

Thomassen går detaljert til verks. Boka kunne godt hatt betre kart, men dei som hentar fram eit godt kart medan dei les boka kan fylgja soldatane time for time. Han bruker både samtidige og nyare kjelder, og det friskar stort opp at han ofte siterer frå artiklar eller brev skrivne av dei som faktisk var med. 

Dette var den einaste staden mobiliseringa verkeleg fungerte i 1940, og sjølv om det var mange frivillige og urøynde soldatar, hevda dei seg stort sett godt. At nokre fekk ulike reaksjonar desse vekene er ikkje å undrast over. Det er verre å sjå korleis offiserar ofte trekte seg vekk, og nokre av dei får svært dårleg omtale. Noko av dette er rett nok henta frå rapportar skrivne av andre offiserar etter krigen, men likevel: Under kampane i Valdres gjorde ikkje dei norske soldatane seg god nok nytte av idelle forsvarspunkt, av di offiserane heller ville trekkja seg tilbake. Boka viser òg tydeleg kor lite budde på krig Noreg i det heile var. 

Guffen tilrår. 

28. mai 2025

Bergljot Hobæk Haff: Gudsmoren (1977)

Ei fin forteljing om ei som held til på eitt av dei lågaste trinna på stigen. Ho vert berre omtalt som "den vesle" eller "Madonna", eller ein kombinasjon av desse namna. Ho er ikkje spesielt oppvakt, og får slettes ikkje med seg mykje av det som skjer. Ho er prostituert, og held seg mest saman med kundar eller med andre prosituterte. 

Den 24. mars vert ho gravid. Det var uventa, ho har hatt så mange abortar at ho rekna med at ho ikkje kunne få born. Ho bestemmer seg for å få barnet, sjølv om ho truleg ikkje veit kva det vil føra med seg. Ho bur i eit iskaldt hus, og er ikkje i stand til å ta seg av eit barn. Ho er heller ikkje frisk; ho hallusinerer til dømes mykje.

Barnet vert fødd på dagen ni månader seinare, altså på jolafta. Fram til dess har boka vore full av bibelske referansar - ho får til dømes rett som det er besøk av dei tre mennene Kaspar, Baltazar og Melchior. For å ta eitt av mange døme.

Det er ei fin bok, der sympatien heile tida ligg hjå hovudpersonen. Slik er det ofte hjå Haff, ho skriv gjerne om dei som treng hjelp. 

Guffen tilrår. 

Meir Haff på kulturguffebloggen
Bålet (1962)
Skammen (1996)
Den evige jøde (2002)

26. mai 2025

David Leaf: Smile. The Rise, Fall & Resurrection of Brian Wilson (2025)

Det bør nesten vera plankekøyring: Forfattaren bak ei av dei finaste bøkene om Beach Boys skriv ei bok om den kanskje aller beste Beach Boys/Brian Wilson-plata. Likevel er det ikkje altfor mykje å skryta av.

Kortversjonen: I 1966, medan dei andre i Beach Boys var på turné skreiv Brian Wilson fantastisk musikk. Han fekk nokre fantastiske musikarar til å spela det inn, og planen var at dei andre i bandet skulle syngja dei fantastiske tekstane til Van Dyke Parks. Slik gjekk det ikkje. Dei andre likte ikkje musikken, og spesielt ikkje Mike Love, som meinte at dei ikkje burde kødda med suksessformelen. Plata vart lagt vekk. Wilson gjekk i indre eksil. Mange, mange år seinare vart plata spelt inn på ny, etter ein turné der Wilson hadde med seg unge musikarar. Eg såg dei i Oslo, og det var stort. Stort.

Kvifor fungerer ikkje boka? Ho er dårleg redigert. Leaf lét mange andre koma til orde, men teksten er sett opp på ein måte som gjer at det er vanskeleg å sjå kvar sitata deira opnar og sluttar. Han går altfor grundig til verks, det er opplagt at mange av sitata kunne vore korta ned eller kutta ut. Isolert sett fungerer det greitt, men det er grenser for kor mange gonger me treng å lesa at nokon synest dette er fin musikk. To stader kjem det kapittel der fansen får koma til orde, og - surprise, surprise - dei er òg kjempenøgde. I tillegg til alt dette er Leaf litt for glad i å ta med sitat der han sjølv er nemnt. 

Guffen er lunken. 

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Luiz Sanchez: Smile (2014)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)