Den høgst lokale VHS-festivalen held fram, med ein ny film eg kjende frå før. For tre-fire år sidan var eg tredje hjulet på vogna på ein skulesekk-tur til Hareid, og der var det billegsal på gamle filmar. Eg trur det var der eg kjøpte denne, og nokre andre av filmane eg ser no for tida.
Det er ein heilt grei film. I 1961 hadde Paul Newman hovudrolla i The Hustler, der han spelte den unge og litt for ambisiøse biljardhaien Fast Eddie Felson, viss eg hugsar sånn nokolunde rett. Her er Fast Eddie eldre, og langt klokare. Han kjenner alle kodane, men har ikkje lenger godt nok syn til å spela godt. Ein kveld ser han Vincent spela biljard - Vincent er drivande god, men har òg eit altfor stort sjølvbilete. Felson ser mykje av seg sjølv i Vincent, og inviterer Vincent og kjærasten hans med på ei reise rundt i landet, for å læra han opp til å verta ein skikkeleg biljardhai. Det går berre sånn middels, Vincent er for dum til å læra ting skikkeleg, og etter at Vincent endå ein gong har ignorert råda frå Fast Eddie, vert det brot mellom dei. Dei møtest likevel igjen på ei stor turnering, der Fast Eddie slår Vincent i kvartfinala. Vincent fortel etterpå at han tapte med vilje, og at han hadde sett mykje pengar på at Fast Eddie skulle vinna. Dette tek Newman ille opp - målte var å gjera Vincent opp til å verta biljardhai, men akkurat dette gjekk på æra laus.
Det er komplett uråd å lika Vincent, som vert spelt av Tom Cruise. Han står i ein enorm kontrast til Fast Eddie, som er trygg, stø og rimeleg rettferdig. Her er ei rekkje fine scener, mellom anna med mykje god filming frå biljardbuler. Mykje av dette, kanskje heile filmen, burde vore i svart/kvitt.
Guffen tilrår.
Meir Scorsese på kulturguffebloggen
No Direction Home (2005)
George Harrison. Living in the Material World (2011)
Viser innlegg med etiketten Scorsese. Vis alle innlegg

12. desember 2011
26. november 2011
George Harrison. Living in the Material World (2011)
Eg kjenner Beatles-historia godt, og har rimeleg god oversikt over kva McCartney og Lennon har teke seg til etter at bandet vart oppløyst. Eg veit mindre om livet til Harrison, og rekna med at denne filmen kunne gjera meg litt klokare.
Eg er sjølvsagt ikkje den einaste som kjenner Beatles godt, og det er den store utfordringa for ein som skal laga ein dokumentar om Harrison. Korleis kan ein fortelja om Harrison i 60-åra på ein ny måte? Martin Scorsese gjer det enkelt, han viser filmklipp, han spelar musikk, han let folk snakka om tida Beatles eksisterte, men han gjer det ikkje i detalj. Her er mange bilete og filmar eg ikkje har sett før, og han nyttar òg brev Harrison sende til foreldra som kjelde. I tillegg vert sjølvsagt det heile vinkla rundt Harrison. Ei rekkje personar fortel om Harrison, og det er dei ein kunne venta - McCartney, Starr, Pattie Boyd, Eric Clapton, enkja Olivia, sonen Dhani, Terry Gilliam og Eric Idle, og nokre til.
Det vert grundigare etter 1970. Her har Scorsese valt ut nokre sentrale hendingar i livet hans. Den fyrste soloplata (1970). Bangladesh-konserten (1971). Life of Brian (1979) og Handmade Films. Mordet på Lennon (1980). Travelling Wilburys (1988-90). Beatles-antologien (midten av 90-åra). Kreft (1997-2001). Knivangrep (1999). Årstala har eg funne på nettet, det er eit minus med filmen at ingenting vert tidfesta. Av og til, som i arbeidet med Beatles-antologien, må ein òg vita på førehand at det er grunnen til at Harrison brått er i same rom som McCartney og Starr. Innimellom desse sentrale hendingane er det litt religion, ørlite musikk, og ein del hagearbeid på Friar Park, godset der han budde.
Harrison var 28 år då Beatles vart oppløyst. Då hadde han alt brukt mykje tid på religiøse funderingar, og han var djupt religiøs det meste av livet. Han var overtydd om at det kom eit liv etter dette, og for han var døden berre eit avskil med den kroppen ein hadde på jorda. Etter knivangrepet i 1999 brukte han mykje tid på å førebu seg på akkurat dette, altså å ta farvel med sin eigen kropp og gå over i neste fase.
Han var seriøs og alvorleg, men hadde òg ekstremt god sans for humor. To dagar før Monty Python skulle ta til med filminga av Life of Brian ville ikkje EMI betala filmen. I mangelen på andre utvegar snakka Idle med Harrison, som sa at han skulle skaffa pengane. Det gjorde han ved å pantsetja godset sitt. Han var òg morosam, i to alvorlege situasjonar kom han med gode replikkar. Etter knivangrepet vart han boren ut på båre, og ved utgangsdøra til Friar Park stod to tilsette som berre hadde arbeidd der nokre dagar. Han kika på dei, og sa "how do you like the job so far?" Nokre veker før han døydde snakka han med Ringo Starr for siste gong, på eit sjukehus i Sveits. Harrison var svak, alle visste at han låg for døden, men Starr måtte likevel reisa, av di dottera skulle gjennom ein hjerneoperasjon på eit sjukehus i Boston. Det siste Harrison sa til Starr var "Do you want me to come with you?"
Så her er mykje godt, men eg hadde venta meg meir. Kanskje filmen rett og slett burde hatt ein forteljar, som oppsummerte og kom med nokre fakta histen og pisten, kanskje filmen burde vore mindre oppramsande. Eller kanskje det berre kom av at eg visste meir om livet til Harrison enn eg var klar over, her var ikkje så mykje nytt for meg.
Guffen er lunken.
Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
Ian MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

10. mars 2010
No Direction Home (2005)
Ein lang dokumentarfilm om Bob Dylan? Neppe ein film eg ville kjøpt eller sett, hadde det ikkje vore for at Runar tilrådde filmen for ei tid sidan. Han hadde han med på ein skuleturné me var på, og eg såg den fyrste timen av filmen. Den var såpass bra at då eg kom over filmen for ein sleik og ingenting, kjøpte eg han.
Kor lurt det var, veit eg ikkje. Det er greitt med folkeopplysning og alt det der, men det er ein lang film for ein som ikkje har noko forhold til musikken til Dylan. Filmen varer bortimot tre og ein halv time, og varer fram til 1966. Dylan voks opp i Minnesota, og flytta til New York rundt 1960. Her fann han andre med same musikalske interesser, og gradvis vart Dylan ein av dei leiande i dette miljøet. Han stagnerte ikkje, han skreiv både musikk og tekstar, og ville heile tida vidare. Han gjekk over til å spela elektrisk, og det førte til at publikum ropte ”Judas” og ”forrædar” når han kom på scena.
Etter kvart som Dylan vert meir og meir populær, vil fleire snakka med han, om alt mogleg. Den siste delen av filmen handlar om ein turné der Dylan vert meir og meir nedtrykt for kvar pressekonferanse, og han vil berre heim igjen. Nokon vil kalla dette eksentrisk; for meg ser det ut som han berre gjer seg vanskeleg, og at han spelar på myten om den mystiske artisten.
Der er fleire gode ting med filmen. Dylan snakkar om kva musikk som påverka han då han var ung, og korleis det var å vera musikkinteressert i ein liten by i Minnesota i 1950-åra. Nemner han ein artist han likte, får me høyra litt musikk frå denne artisten. Her er det mange godbitar, i det heile står Dylan for den veikaste musikken i filmen. Fram til han kjøpte seg elektrisk gitar er det relativt uinteressant, og det tek ikkje heilt av då heller. Filmen er nok betre for dei som likar Dylan, men det vart mange uinteressante konsertopptak i løpet av filmen.
Filmen viser korleis Dylan arbeider. Han kunne skriva tekstar heile tida, gjerne medan ein annan visesongar song og spelte to meter unna. Medmusikantane hans hadde ei krevjande oppgåve, både i studio og på konsertar – det var ikkje noko øving, og ein song som gjekk i valsetakt ein dag kunne godt gå i 4/4 dagen etter.
Men alt i alt vert det for mykje, og for langt.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Scorsese på kulturguffebloggen
The Color of Money (1986)

Abonner på:
Innlegg (Atom)