21. mai 2018

Magne Myhra: Mistelteinen (1959)

Magne Myhra debuterte med denne romanen i 1959, 29 år gamal. Det er ei bok som viser at han er kunnskapsrik og språkleg sikker, og som òg viser at han vil noko. Det er likevel ikkje ein altfor vellukka roman.

Hovudpersonen er David Rabinath, ein jøde som veks opp i ei vestlandsbygd. Som jøde er han litt på utsida av samfunnet, og det verkar som om det som er hovudpoenget til Myhra i romanen: Han vil visa korleis det er å stå utanfor. Det er ei prisverdig vinkling, men Myhra gjer altfor mykje ut av det. David er ikkje berre på utsida av di han er jøde - utetter i boka vert han òg foreldrelaus (av di faren drep mora og så seg sjølv). Ho som tek seg av han er altfor streng med han. Han vert invalid. Han slit òg med å ha kontakt med andre menneske. Han slit på så mange område at det vert vanskeleg å tru på det.

Boka er forma som eit brev til ei jente han gjekk på skule med, ei jente som viste han litt godhug, i alle ei tid. David har eit så tungt liv at han søkjer tilbake til dei få harmoniske dagane han hadde i oppveksten.

Utan gode sider er likevel ikkje boka. Den fyrste halvdelen er best, og då er det både avsnitt og kapittel som fungerer godt. Alt i alt vert det likevel ikkje godt nok.

Guffen er lunken.

Meir Myhra på kulturguffebloggen
Sønn av en kvinne (1978)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar