21. mai 2018

Per Petterson: Til Sibir (1996)

Det sentrale i denne boka er det nær forholdet mellom to søsken - eg-forteljaren, ei jente eg er usikker på om me får vita namnet på, og Jesper, bror hennar. Jesper er den ville og modige, jenta er litt meir forsiktig. Dei veks opp heilt nord i Danmark, i tida før andre verdskrigen. Begge kallar seg kommunistar, og draumen hennar er å forlata Danmark og reisa til Sibir. Slik går det ikkje, i staden flytter ho til Oslo.

Før me kjem så langt har ho mist kontakten med Jesper. Under andre verdskrigen vert han med i den danske motstandskampen, og han må flykta til Sverige. Seinare får ho høyra at han er i Marokko, og etter mange år utan livsteikn får ho eit brev frå han, der han skriv at no kjem han heim. Ho reiser til foreldra i Danmark, der ho reknar med at han snart møter opp, han òg.

Det er ei fin bok. Den fyrste delen, fram til andre verdskrigen, er litt stilleståande, men det er eit godt grep: Det gjer oss kjende med dei to hovudpersonane, og med samfunnet dei veks opp i. Det er meir fart i delen som handlar om krigsåra, og også når ho er i Oslo er det fin flyt i romanen.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar