Dette er den fjerde boka til Mathiesen, trur eg, i alle fall den fjerde der han skriv om dei meir interessante delane av norsk musikk. Han har skrive to fine bøker om dei to konsertane Sex Pistols heldt i Noreg sommaren 1977, og ei bok om norsk punk fram til 1980. Denne boka held fram der den siste sluttar, og handlar om norsk postpunk fram til 1985. Diverre er ikkje boka like god som forgjengaren.
Den viktigaste grunnen til det er vinklinga Mathiesen gjev stoffet. Han var sentral i punkemiljøet i Oslo omtrent frå starten, han spelte i band, gav ut fanziner og kassettar, og har anten eit godt minne, eit godt arkiv, eller begge delar. Han har òg intervjua ei rekkje personar, slik at han har eit stort materiale å arbeida med. Det verkar likevel som om emnet vert for stort for han. Han får aldri heilt tak på det.
Det opnar heilt greitt, han skriv om korleis det var å vera punkar rundt 1980, og om punken vert gradvis hardare. Her presenterer han dei fyrste norske hardcorebanda, og eg tenkte at dette er ein god måte å gjera det på - å fletta bandpresentasjonar inn mellom meir generelle oversyn. Diverre stoppar dette opp, og rekkja med bandpresentasjonar stoppar opp. Det vil seia at lesarane til dømes får eit kort innblikk i historia til bergensbandet Fader War, komplett med oversyn over dei som var med. Fader War eksisterte i eit halvt år, spelte fem konsertar, og har med fem songar på ei samleplate frå Bergen. Andre langt meir sentrale band får ikkje denne handsaminga.
Nokre av kapitla i boka er altfor lange. I eit langt kapittel går Mathiesen detaljert gjennom ei rekkje døme på at postpunkband flørtar med totalitær estetikk. Grunnen er uklar, fleire av dei han har intervjua her seier at dette vart gjort for å sjokkera. Det kunne han ha sagt og vist på ti-tolv sider, i staden bruker han rundt sytti. I eit like langt kapittel skriv han om norske artistar som heldt konsertar i utlandet - her verkar det som om han har prøvd å få med absolutt alle slike. Også dette kapitlet kunne vore skore kraftig ned, og kapitlet om bistandskonsertane i Noreg og andre stader sommaren 1985 kunne like godt vore kutta heilt ut.
I staden for alt dette kunne han ha teke med langt meir relevant stoff. Han kunne hatt langt fleire bandportrett, slik han la opp til tidleg i boka. Han verkar veldig konsertorientert - han skriv om rockeklubbar og konsertar dei arrangerte, han skriv altså om konsertar norske band heldt i utlandet, og han kjem jamleg med fotnotar hentar frå eit konsertoversyn. Han skriv òg om plater og kassettar, men dette får langt mindre plass. Kvifor står det ikkje noko om dei viktigaste plateselskapa? Eller dei viktigaste kassettselskapa? Kor mange slike fanst? Kva med fanzinene? Og musikkavisene - kor viktige var dei? Kven var dei viktigaste journalistane der? Korleis kan han skriva om denne perioden utan å nemna sentrale journalistar som Geir Rakvaag eller Jan Arne Handorff? For oss som budde langt ute på landet var Nye Takter og Puls like viktige informasjonskjelder som fanziner.
Når Mathiesen har valt å ikkje ha for mange slike fakta i sjølve teksten, burde boka slutta med ein rein faktadel. Det hadde ikkje vore vanskeleg å få plass til dette, boka er sett med svært stort skrift, så viss ein ikkje ville auka sidetalet, kunne ein berre krympa skrifta ørlite.
Her er sjølvsagt mykje bra i boka òg, mellom anna mange gode bilete, men alt i alt vart dette ein stor skuffelse. Boka sprikar for mykje, Mathiesen burde ha samla trådane i eit sluttkapittel, og oppsummert dei fem åra han skriv om. I staden sluttar altså boka med eit kort kapittel om musikalske bistandsprosjekt. Denne perioden i norsk musikk hadde fortent ei langt betre bok.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Banned in the UK (2010)
Sid's Norwegian Romance (2011)
Viser innlegg med etiketten Mathiesen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mathiesen. Vis alle innlegg
13. november 2011
30. mars 2011
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance: Sex Pistols Exiled to Trondheim (2011)
I engelske musikkmagasin som Q og Mojo kjem det rett som det er artiklar som utelukkande er bygd opp rundt sitat frå dei som var til stades ved ei spesiell hending. Det kan vera ei plateinnspeling, det kan vera ein konsert, det kan vera ein heil konsertturné, osb. Trygve Mathisen brukte dette grepet med hell i boka Banned in the UK, som handlar om ein konsert Sex Pistols heldt i Oslo sommaren 1977. Dagen etter spelte dei i Trondheim, og Mathisen fortel ein liknande historie her. Boka var ikkje planlagt, skriv Mathisen, og det verkar som om han la meir arbeid i Oslo-boka. Her er det mange repetisjonar, og det heile vert drege ut meir enn historia har godt av.
Det som gjer denne boka ulik er at ho i stor grad er bygd opp rundt forteljinga til Teddie, ei seksten år gamal jente som fungerer som tolk, og som får eit godt forhold til bassisten Sid Vicious dei to dagane bandet er i Trondheim. Dette gjev boka ei eiga vinkling, men likevel - er det interessant nok til å bera ei heil bok? For meg vert det for mange detaljar, det er ikkje veldig spanande å lesa om at Teddie saman med eit par av bandmedlemmane et pizza og soft-is.
Med litt strammare redigering kunne boka altså vore betre. Boka har ei rekkje bilete, og her er det mange blinkskot. Mange av desse er uskarpe, eller burde hatt eit anna utsnitt, men det gjer eigentleg ingenting. Bileta viser korleis det såg ut då punken kom til Noreg - heller ikkje i Trondheim var det mange i publikum som såg ut som punkarar.
Guffen tilrår.
Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Banned in the UK (2010)
Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha. (2011)
Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (2022)
Glen Matlock: Triggers (2023)
Etikettar:
litteratur,
Mathiesen,
musikk,
Norge,
Sex Pistols,
Storbritannia
13. september 2010
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Sex Pistols spelte to gonger i Noreg sommaren 1977, i Oslo 20. juli og i Trondheim dagen etter. Konserten i Oslo er legendarisk. Mange har hevda at dei var til stades der, medan det i røynda berre var snakk om godt og vel to hundre personar. Mathisen skreiv i 2007 ei fin bok om punken i Noreg 1977-80, og konserten fekk godt med plass der. Han er i gang med ein oppfølgar til den boka, men i mellomtida har han samla det han veit om denne eine konserten i ei bok. Det er ei spanande vinkling, og prosjektet står fjellstøtt. For min del kunne han ha tona ned kapitla der han drøftar stil og ideologi i punken, og heller reindyrka omtalen av konserten. Her har han intervjua mange av dei som var på konserten, og har òg brukt sitat frå avisomtalar før og etter konserten. Han viser kva fleire aviser skreiv etter pressekonferansen, og tek med det eine store intervjuet dei gav i Oslo, til Gateavisa. Han har òg med litt om kva som skjedde i timane etter konserten, der dei fyrst reiser på jazzkonsert på Club 7, der bandet deretter vert invitert med på ein fest på Høvik, og frå morgonen etter, då dei får gratis Levis-bukser av ein Levis-mann.
Boka kjem ut 33 år etter konserten, så det er ikkje rart at boka er full av motseiingar. Nokre meiner at det var mellom 400 og 500 personar til stades, andre meiner at det vart selt 200 billettar. Boka sluttar med ei liste på 214 namn som truleg var til stades. Nokre er sikre, andre er ikkje stadfesta, medan ein person vert lista som "the person believes he was there, and it's very likely, but he can't recall it". Denne lista var uventa interessant, og det hadde vore greitt om denne stod alfabetisk. På lista er bandet rekna med, alle som jobba på Pingvin Club er rekna med, så det skulle framleis vera råd å dikta opp at ein var til stades. Konserten var utselt, slik at det framleis må mangla nokre titals personar.
Boka er rikt illustrert. Både bileta av band og publikum fortel mykje om at dette var ei tidleg fase av punken. Berre halve bandet ser punk ut, medan så godt som ingen i publikum har teke seg bryet med å punka seg opp. Dette er verkeleg år null.
Guffen tilrår.
Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha (2011)
Sid's Norwegian Romance. Sex Pistols Exiled to Trondheim (2011)
Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (2022)
Glen Matlock: Triggers (2023)
Etikettar:
litteratur,
Mathiesen,
musikk,
Norge,
Sex Pistols,
Storbritannia
Abonner på:
Innlegg (Atom)
