15. oktober 2017

Andrew Czezowski og Susan Carrington: The Roxy. Our Story (2017)

The Roxy var den fyrste klubben i London som var punk. Dei som dreiv klubben var punk, det var der punkarane samlast, og det var (stort sett) punkekonsertar der. Klubben hadde ikkje noko langt liv, Czezowski og Carrington dreiv klubben frå midt i desember 1976 til slutten av april 1977. I forteljinga om punk snakkar ein gjerne om dei hundre kveldane på Roxy; i realiteten var altså klubben open noko lenger.

Den offisielle opninga var 1. januar, då The Clash spelte der. Dei neste månadene spelte alt som var av britiske punkeband der, og òg nokre amerikanske. Unntaket var Sex Pistols. Klubben var liten, med plass til 100 personar, men dei tok sjeldan omsyn til dette, og på det meste skal rundt 400 personar ha vore på konsert der. Roxy fekk ord på seg for å stå for noko nytt, og det var ikkje uvanleg at gamle rockegudane dukka opp for å sjå kva dette nye var for noko.

Boka er bygd opp som spoken history, og det fungerer godt. Dei to eigarane snakkar mest, og supplerer med dagboksnotat. Ei rekkje av dei andre som var innom kjem òg til orde, og me får eit godt inntrykk av korleis det var der. Mykje musikk, mykje drikk og dop, og mykje vald. Og lite kontroll og kunnskap om korleis ein driv business. Caezowski og Carrington hadde ein medeigar som gradvis tok kontroll, og dei trekte seg ut etter at han hyra inn band dei ikkje likte.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar