21. oktober 2017

Jon Hustad: 14 menn og 1 kvinne (2004)

Jon Hustad er i dag journalist i Dag og Tid, og er ein av grunnane til at eg bruker mindre tid på den avisa i dag enn for nokre år sidan. Han framstår ofte som meir kunnskapsrik og forståande enn han er, og det kjem rett som det er lesarbrev som fortel kvar han har tenkt eller rekna feil.

I denne boka bryner han seg på personar som stort sett er frå generasjonen før han. Her er journalistar, politikarar, akademikarar - dei fleste av dei frå Noreg. Dei fleste portrettintervjua har stått på trykk i anten Morgenbladet eller Klassekampen. 

I ei bok som dette vil alltid noko vera bra, medan noko anna er mindre bra. Dei beste intervjua er dei der Hustad greier å koma litt innpå den han snakkar med, der han bruker skriveevna si til å skapa eit nærvær. Andre samtalar vert meir intervju enn portrettintervju, og nokre av personane han skriv om er heller ikkje interessante nok.

Intervjua med dei to Lønning-brørne er av dei betre. Eg hadde òg glede av å lesa intervjuet med Atle Kittang, og nokre andre.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar