12. april 2015

Mark Beaumont: The Man Who Cycled the Americas (2011)

Oss storsyklarar imellom: Eg har sykla Lofoten, Rallarvegen to gonger, og Voss-Nordmøre. Skotske Mark Beaumont hadde verdsrekorden i å sykla rundt jorda, og i denne boka fortel han om då han sykla frå Alaska til Ushuaia, ein by heilt sør i Sør-Amerika.

Han fortel om ein flott tur, men han fortel ikkje om det på ein altfor imponerande måte. Det vert mykje repetisjon, han slit med å finna originale opplevingar å skriva om. Det vert mykje sykkel, mat og soving. Turen var finansiert av BBC, og han hadde stramme tidsfristar, slik at han ofte måtte sykla andre vegar enn dei mest interessante, og ofte måtte han sykla tidleg vidare frå stader han kunne vore lenger.

Ein av grunnane til at han hadde det travelt var at han la inn ein krevjande fjelltur før syklinga tok til (Denali i Alaska, 6193 moh.), og at det kom ein tilsvarande tur mot slutten av turen (Aconcagua i Argentina, 6959 moh.). For å nå den siste toppen før tursesongen var over, var det ikkje tid til mange sprell langs vegen.

Skildringa av dei to fjellturane er velkomne og gode avbrot frå syklinga. Etter Aconcagua står det framleis att nokre veker med sykling; her innser han omsider kor lite han har å skriva om, og skriv mindre om kvar dag.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar