1. desember 2014

Sopranos, sesong 6 (2006-07)

Det drog litt ut før eg vart ferdig med den sjette og siste sesongen av Sopranos, men det er ikkje av di serien har vorte dårlegare. Langt derifrå. Eg skuldar heller på sommar, og på at den sjette sesongen er dobbelt så lang som dei andre sesongane. Dette er framleis framifrå, og eg kan knapt hugsa at eg har sett ein fjernsynserie som har vore like fengande heile vegen.

Det strammar seg til i denne sesongen. Junior, onkelen til Tony, vert meir og meir øren, og tidleg i sesongen skyt han Tony, som ligg lenge på sjukehuset. Fleire av dei nærmaste medarbeidarane til Tony Soprano misser livet. Familien hans raknar endå meir enn før - det toppar seg då sonen prøver å ta livet sitt. Og tilhøvet til dei andre mafia-familiane vert verre og verre. Den aller siste episoden er glimrande - me anar at no skjer det noko snart, men episoden er bygd opp på ein måte Hitchcock ville vore stolt av: Me ventar og ventar, det vert meir og meir tydeleg at noko snart skjer, og me ventar og ventar.

Endå meir enn før er det tydeleg at dette er ein amerikanske serie, og at serien handlar om Amerika. I denne siste sesongen er det mykje nostalgi, både for eit Amerika som ikkje finst lenger, eit Amerika som var tryggare enn samfunnet i dag. Men her er òg mykje samfunnskritikk, og denne vert gjerne formidla av son til Tony, som, kanskje av di han veks opp i ekstremt luksus, er dregen mellom viljen til å gjera noko med alle problema som tårnar seg opp, og den totale apatien.

Så det var stas, dette. Slutten er såpass open at det i teorien kunne kome meir, men etter at James Gandolfini døydde for litt sidan, seier det seg sjølv at det aldri kjem meir. Og det er heilt greitt - det er flott med seriar som gjev seg medan leiken er god.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
The Many Saints of Newark (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar