1. november 2014

Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)

Det er berre ein knapp månad sidan eg skreiv at Joy Division er eitt av dei banda eg les kva som helst om. Her er endå ei ny JD-relatert bok, men dette er absolutt ikkje kva som helst. Den røynde (og solide) skribenten Jon Savage har saman med Deborah Curtis, som var gift med Ian Curtis, samla tekstane hans i ei bok. Det seier seg sjølv at det er solide saker.

Ian Curtis var vokalisten i bandet, og var den som prega bandet mest. Han var veldig synleg på scena, dels av di han hadde ein intensiv, nesten magisk måte å dansa på, dels av di han hadde epilepsi, og fleire gonger fekk anfall på scena. Men han var òg veldig synleg utanfor scena, tekstane hans var på eit heilt anna nivå enn tekstane til andre band på den tida. På den tida vil seia dei siste av 70-åra; bandet vart starta etter ein av Sex Pistols-konsertane i Manchester i 1976, og vart berre betre og betre. Heilt til Curtis tok livet sitt i mai 1980.

Dei andre i bandet har fleire gonger sagt at dei i ettertid ser at tekstane til Curtis var djupt personlege. Dei tenkte aldri over det medan han levde. No er det uråd å lesa tekstane utan å tenkja på dei konfliktfylte siste åra hans - han var gift og hadde ei ung dotter, og sleit med å godta at han ikkje greidde å ta det ansvaret som følgde med på kjøpet. Han hadde eit nært forhold til ei belgisk kvinne - sjølv seier ho at det berre var platonisk, andre tvilar på det. Men alt dette sleit på han, og ein av dei sterkaste tekstane hans (og ein av dei sterkaste Joy Division-songane), "Love Will Tear Us Apart", ser ut til å handla om dette. Andre tekstar fortel om eit sinn med store vanskar. I "Isolation" skriv Curtis "But if you could just see the beauty / These things I could never describe", og det minner litt om korleis Olav H. Hauge omtala stemmene i hovudet sitt, det han kalla "den andre mannen". Hauge var både redd for og glad i den andre mannen, slik verkar det òg som om Curtis er. I "Dead Souls" er han ikkje glad i det han høyrer - "Someone take these dreams away / That point me to another day / A duel of personalities / That stretch all true realities / That keep calling me / They keep calling me".

Curtis skreiv ikkje berre om indre konfliktar. Dei eldste tekstane er fulle av referansar til krig, til militæret og til vald, men dette vert tona ned med åra. Det er dei siste tekstane som er dei beste, og det gjer tapet endå verre. Kor gode tekstar kunne han ikkje skrive viss han hadde levd lenger?

Den siste halvdelen av boka er full av kopiar frå notatbøker. Dei som les kvart einaste ord der (og det gjorde ikkje eg) finn tidlege versjonar av tekstar, og tekstar det aldri vart noko av. Så kjem det nokre faksimilar av tidlege intervju, det kjem nokre plakatar, og nokre fanbrev han fekk. Ein heilt grei måte å fylla ut boka på, men ikkje noko meir.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)

1 kommentar:

  1. Control er vel den filmen jeg har sett flest ganger. Magisk; vondt og vakkert! Jeg har ikke turt å nærme meg tekstene hans i bokform, redd for at det skulle bli for nært.
    Omtalen din inspirerer og frister, kanskje kan jeg prøve ... Bra omtale!

    SvarSlett