14. november 2014

Bjørn Bjørnson: Aulestadminner (1973)

Av og til har eg tenkt at eg burde lesa den massive Bjørnson-biografien til Edvard Hoem. Bjørnson hadde mangt rart for seg, men han var såpass sentral i norsk kulturliv mot slutten av 1800-talet at ein burde vel kjenna meir til han. Eg er i København denne helga, og då kan det jo passa bra med livsminne knytt til ein av dei mest framståande som skreiv på dansknorsk.

Boka opnar med eit kort føreord, der Else Bjørnson (truleg er i slekt med Bjørn Bjørnson) seier at denne boka inneheld alt han har skrive om livet på Aulestad i livsminna sine. Mange har etterlyst den utselde boka Hjemmet og Vennene, ikkje minst dei som vitjar Aulestad, og denne boka er meint som eit tilbod til dei.

At teksten er sett saman av tekst frå andre bøker treng ikkje vera noko negativt. Men det føreset gjerne litt ekstra innsats frå redaktøren - det kan vera greitt å setja til nokre årtal, leggja inn førenamn der det manglar i denne teksten (men truleg ikkje gjorde det fyrste gong personen vart nemnd i boka teksten er henta frå), og det kan vera greitt å fjerna setningar som peikar fram mot noko som ikkje er med her. To gonger skriv Bjørnson noko slikt som "men dette var før målstriden". Optimist som eg er, rekna eg med at det kom noko om målstriden, der jo Bjørnson datt ned på feil side av gjerdet, men det kom ikkje.

I staden kom det mykje anna rart, fortalt i eit språk som er uventa fargerikt. Det er ei brokete samling minne - samtalar med foreldra, samtalar mellom foreldre, samtalar mellom faren og mor hans, skildringar av kvardagslivet på Aulestad, osb. Bjørnstjerne Bjørnson ser ut til å vera dominerande som ein skulle tru, han styrte det meste på garden, og verkar som ein som òg ville styra livet til dei andre som budde der. Frå boka er det to hendingar som sit att - den eine då sonen nesten drap faren då han fyrte av ein uladd revolver som var ladd likevel, og då den samla norske kultureliten kom til Aulestad for å feira tjuefemårsdagen for utgjevinga av Synnøve Solbakken.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar