3. september 2013

Agnes Ravatn: Fugletribunalet (2013)

Denne boka var heilt annleis enn eg rekna med. Eg har lese det meste av det Ravatn har gjeve ut i bokform og mykje av det ho har skrive i Dag og Tid og andre aviser, og det er som regel noko å le av der. Ofte er det noko å le høgt av.

Slik er det ikkje her. Allis Hagtorn har reist frå mannen sin, etter at ho miste jobben som følgje av eit eventyr med sjefen sin i NRK. Ho vert hushjelp for Sigurd Bagge, ein litt mystisk og innestengt mann som bur ved fjorden ein stad. Begge har dei løyndomar for kvarandre, begge seglar under falsk flagg, og begge vert gradvis begeistra for den andre.

Kva Bagge eigentleg driv med, både i arbeidsliv og elles, er eit mysterium for Hagtorn. Ho spør litt, og spionerer litt meir, men vert ikkje så mykje klokare før han opnar seg opp eit godt stykke ute i boka. Før det kjem så langt har han snakka i gåter, han har fortalt draumar som om dei er sanne, og det verkar nesten som om han går inn for å forvirra ho.

I ein av draumane vert han teke med langt inn i skogen, der nokre menneske utkledd som fuglar feller dom over han. Det dukkar opp fuglar også ved andre høve, ikkje berre i tittelen på boka, og det er nærliggjande å sjå etter slektskap med sjølvaste Fuglane, den aller beste norske romanen. Nokon nær slektning er det ikkje, men det kan ikkje vera tilfeldig at Bagge fortel at han ein gong la ut på fjorden, klar for å ta livet av seg i båten sin.

Det er ei fin bok. Ravatn skriv godt, og romanen er godt komponert. Det er ikkje berre Bagge og Hagtorn som vil vita meir om kva den andre gjer og har gjort, også me som lesarar vil gjerne vita dette.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

2 kommentarer:

  1. Fin omtale:) Nå gleder jeg meg enda mer til boken kommer inn dørene her. Takk for henvisning til Fuglane av Vesaas,den har jeg heller ikke lest men nå ha den kommet på listen.

    SvarSlett
  2. hei! Nå oppdaget jeg din blogg i googling etter Fugletribunalet. Har nettopp lest den selv, og likte dn godt.. Har skrevt blogg om den nå..:)

    SvarSlett