30. september 2024

A Man Called Otto (2022)

Grumpy old men. Det er ikkje det mest originale utgangspunktet for ein film. I tillegg til filmen som heiter akkurat det, kan me nemna i fleng: As Good as it Gets med Jack Nicholson, eller serien After Life med Ricky Gervais. Den siste er kanskje den likaste; både der og her handlar det om ein mann som har mist kona si, og som er på nippet til å gje opp.

Hovudrolla, Otto Anderson, vert spela av Tom Hanks. Kona er nyleg død, og han har lagt ein plan: Han vil ta livet sitt, for å koma nærare ho. Han får poeng for innsatsen, men slit med gjennomføringa: Tauet han skal hengja seg i er ikkje godt nok festa. Då han sit i garasjen, i ein bil med motoren på, vert han forstyrra av ein nabo. Då han er meter frå å verta påkøyrd av eit tog, vert han redda av ein på perrongen. 

Det med naboar er gjennomgåande. Han vert gradvis meir involvert i dagleglivet til fleire av dei, anten dei er nye eller gamle naboar. Og det er her filmen misser litt av piffen. Det vert litt for optimistisk og harmonisk, og Anderson går frå å vera ein vanskeleg person til å vera ein som alle naboane likar. 

Guffen er lunken. 

29. september 2024

Mímir Kristjánsson: Pabbi (2024)

Det handlar om den heilage tre-einigheita: Faren, sonen, og alkoholen. Kristjánsson skriv om korleis faren hadde eit stort alkoholforbruk, og korleis han har arva dette aktive tilhøvet til alkohol. Han meiner at dette ligg i blodet - begge er etterkomarar etter Egill Skallagrímsson, og også han var ein habil drikkar.

Far og son hadde eit nært forhold, sjølv om det (sjølvsagt) er mange ting sonen skulle spurt faren om medan han hadde sjansen. Faren, Pabbi, var sterk, han hadde sterke meiningar, og han var på mange måtar ein god far. Sonen ser og luktar meir og meir av faren i seg sjølv, og stiller seg sjølv spørsmål om akkurat dette: Er han ein god far? Vil han verta som faren, når han vert eldre? Det som er sikkert er at begge fekk gjort mykje, trass i drikkinga. Det er ei heilt vanleg (og forståeleg) oppfatning at drikking ofte går ut over noko, men spesielt sonen har sett spor etter seg.

Det er ei fin bok. Kristjánsson skriv godt og reflektert, og både boka og kapitla er godt oppbygde. 

Guffen tilrår. 

27. september 2024

Lang dags ferd mot natt (Oslo Nye Teater, 24.9.2024)

Det vert jamleg laga lister over det aller meste. Dei som søkjer etter dei beste amerikanske skodespela får opp lister der dette stykket som regel er på topp ti. Eller topp fem. Det er eit fabelaktig, tett stykke, der ein familie på fire omsider opnar opp om alt dei slit med. Alle har visst at det vert brukt for mykje alkohol og for mykje morfin, men ingen tek det opp før den eine av dei sønene får ein kreftdiagnose. Stykket er fint, scenografien er enkel og fin, men likevel vart ikkje dette ei stor stund.

Ein eller annan har tenkt at sidan dei fire på scena er ein familie, kan teateret kanskje setja opp stykket med fire familiemedlemmer? For marknadsføringa sin del var det kanskje ein god idé; for kvaliteten på stykket var det kanskje ikkje det. Eg hadde nok fått meir ut av dette dersom ein i staden hadde sett saman det beste skodespelar-laget, ikkje den beste familien. Den einaste av dei fire som kom godt frå det var faren Nils Ole Oftebro, dei tre andre var uventa veike i rollene sine.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

26. september 2024

Odd Isungset: Blodspora frå Dagaliveien (2023)

Ein tidleg morgon, oktober 1993. Brynjulv og eg møtest som vanleg utanfor huset der eg budde på eit altfor lite rom. Me ruslar saman mot universitetet, og eg spør om han hadde høyrt at William Nygaard var funnen skoten den morgonen. Han svara "nei", rimeleg uinteressert. Eg sa at det var forlaget han som hadde gjeve ut Sataniske vers, og han sperra augo opp. Det var som om noko nytt hadde kome til landet, og slik var det nok for mange.

Kortversjonen: Salman Rushdie gav i 1988 ut The Satanic Verses. Året etter sende iranske Ayatollah Khomeini ut ein fatwa på han - boka Rushdie hadde gjeve ut var blasfemisk, og både forfattaren og andre som hadde hatt noko med utgjevinga å gjera måtte drepast. Ein japansk omsetjar vart drepen i 1991, og det same året vart ein italiensk omsetjar hardt skada etter fleire knivstikk. Det var såleis ikkje heilt utenkjeleg at Nygaard skulle verta råka, men det var likevel eit sjokk.

I denne boka fortel Isungset om saka, og om korleis politiet prøvde å løysa ho. Han er ikkje spesielt imponert over politiarbeidet, han meiner at dei ikkje følgde opp viktige spor, og at dei altfor fort reduserte talet på dei som arbeidde med saka. Det verkar som om mange, både politi og politikarar, var redde for å finna ut at det var ein samanheng mellom bokutgjeving og mordforsøk, og at dei var endå reddare for å finna ut at den iranske staten hadde noko med attentatet å gjera. 

Guffen tilrår. 

24. september 2024

Hvem er redd for Virginia Woolf (Nationaltheatret, Oslo, 23.9.2024)

Eg har lese stykket, og eg har sett det framført før, så eg visste vel kva eg gjekk til. Likevel vart eg imponert og engasjert. Dette var ei god framsyning.

Kortversjonen: Det barnlause ekteparet George og Martha kjem heim frå ein fest for tilsette ved universitetet han arbeider på. Ho fortel at ho har invitert det unge paret Nick og Honey på eit nachspiel - Nick er nytilsett ved universitetet. Dei to gjestane kjem, alle fire drikk altfor mykje, tre av dei seier mykje ufint om alle dei andre, og George og Martha snakkar dels sant, dels usant. Dei har sine innøvde fantasiar, og her slepper dei ut den mest alvorlege av dei.

Det er eit djupt alvor i stykket, men det er òg veldig mykje å le av. Stykket er skrive av amerikanske Edward Albee, og omsetjinga ser ut til å vera god. Dei fire har alle god timing, slik at både sviande og andre replikkar sit som skot. Det kan henda at det heile kunne vore korta noko ned, den andre av dei tre aktene vert litt lang, men elles er det lite å trekkja for.

Guffen tilrår. 

23. september 2024

Historia om Sverige (2023)

For nokre år sidan byrja eg på ein liknande serie om Danmark. Eg likte absolutt det eg såg, men fekk berre med meg eit par episodar før serien var borte vekk frå nettspelaren til NRK. No er turen komen til historia om eit anna naboland, og denne gongen fekk eg heldigvis med meg alt.

Det handlar om historia til Sverige, frå dei fyrste busetnadene til i dag. Det seier seg sjølv at serien ikkje får med alt, men dei får (truleg) fram dei viktigaste hendingane og personane. I fleire av episodane handlar det rett nok om tida då Sverige var ei europeisk stormakt, og her vert det lagt mest vekt på kongar og knektar og krigar. I andre episodar kjem ålmugen meir til sin rett, og dei episodane var minst like interessante. 

Serien vert kommentert av skodespelaren Simon Berger. På same måte som i den danske varianten kjem han av og til gåande inn i ei scene der andre skodespelarar leikar at dei er frå steinalderen, osb. Det er eit grep som fungerer godt. Serien er lærerik, men eg la altså til ordet "truleg" i parentes over - eg trur ikkje oppløysinga av unionen med Noreg vert nemnt med eit ord.

Nokon burde laga ein liknande serie om Noreg.

Guffen tilrår.

17. september 2024

Kathleen Hanna: Rebel Girl (2024)

Det meste av 1980-åra var eg rimeleg oppdatert på musikkfronten. Eg høyrde mykje på musikk, og eg las mykje om musikk. Tidleg i 90-åra vart det, merkeleg nok, mindre av høyring, men stabilt mykje lesing. Kanskje det skuldast at eg nokre år levde utan noko stereoanlegg, alt eg hadde var ein klokkeradio, kanskje det skuldast heilt andre ting. 

Bikini Kill var eit band eg ofte las noko om, men som eg ikkje høyrde spesielt mykje på. Musikken var sånn på det jamne, det var ikkje heilt ulikt mykje av punken eg høyrde på nokre år tidlegare. Det var meir stas å lesa om dei. Dei hadde gode haldningar, og dei var knallharde feministar. 

Kathleen Hanna var vokalist i BK. Her fortel ho om livet sitt, og det er både inspirerande og deprimerande. Ho stadfestar den gamle Johnny Yen Bang-songtittelen - skal du få noko gjort må du gjera det sjølv. Ho er heile tida skapande, ho formidlar meiningane sine gjennom foto og fanziner, før ho vert med i Bikini Kill. Samstundes er det mykje deprimerande her. Ho har ein fæl oppvekst, med ein far som drikk for mykje og som er litt for nærgåande. Det er byrjinga på eit mønster gjennom heile livet hennar; mange av dei mennene som stod ho nærast forgrip seg på ho, gjerne i situasjonar der ho er mest sårbar. Det er òg tungt å lesa om korleis ho lenge sleit med å ta eit oppgjer med det som hadde hendt. 

Guffen tilrår.

14. september 2024

Friends (1994-2004)

I nittiåra var det to komiseriar på TV2 mange såg på, meg sjølv inkludert: Seinfeld og Friends. Seinfeld har eg sett opp att seinare, og den serien står seg framleis godt. Friends har eg berre sett glimt av, mellom anna i gjenforeininga for nokre år sidan, utan at eg har vore spesielt imponert. Det heile verkar utdatert. I sommar fann Halldis (13) ut at ho ville sjå serien, og eg har sett fleire av episodane. Eg vart overraska over kor godt serien har stått seg. Kanskje det var litt nostalgi, kanskje det var noko anna, men det var langt betre enn eg hugsa.

Det handlar om seks unge vaksne i New York. Merkeleg nok har to av dei råd til å leiga ein enorm leilegheit, der dei alle kan samlast. To andre bur tvers over gangen. Det er litt fascinerande at det å laga ein serie med seks personar i hovudrollene fungerer, men det går altså bra. Dei seks er Monica (jobbar som kokk, er veldig firkanta, tek ansvar for alle), Rachel (mest oppteken av mote, såpestjerner og å ta seg bra ut), Phoebe (den me veit minst om, men som er kunstnarleg, alternativ, og mest livsfjern [på ein god måte]), Ross (paleontolog, veldig nerdete, lett å fornærma), Chandler (jobbar som statistikar, tener godt, sarkastisk) og Joey (stort sett utan jobb, storsjarmør, ikkje den skarpaste skuffa i kniven).

Det handlar uventa mykje om sex. Me ser ingen nakne kroppar, men dei er uventa fritalande. Fleire av dei er tidvis kjærastar med kvarandre, nokre er kjærastar med andre, men det verkar som om dei som ikkje er i faste forhold går inn og ut av soverom i heile byen. Men det handlar òg om humor, og her er mange gode replikkar, og mykje god timing - som jo er det god humor handlar om.

Guffen tilrår. 

12. september 2024

Ida Hegazi Høyer: Unnskyld (2014)

Denne boka fekk meg til å tenkja på det Ibsen skriv om livsløgn og livsglede. Det er ikkje ein rein parallell - her handlar det om eit par der livsløgna hans øydelegg livsgleda hennar.

Romanen vert fortalt av ei ung kvinne. Ho møter, litt tilfeldig, ein fem år eldre mann som viser seg å vera drøymemannen. Han er klok, han er sjarmerande, han er nesten ferdig med hovudfag. Dei flyttar saman, og alt er fryd og gaman. Dei legg planar for resten av livet, begge vert med på vitjing til foreldra til den andre, og alt ser bra ut.

Men gradvis, gradvis merkar ho at alt ikkje er rett. Han har jo ikkje fått seg fast jobb som lærarvikar. Mor hans er ikkje lækjar. Driv han verkeleg med basehopping? Er den nye jobben på NSB ein verkeleg jobb, eller er det berre ei ny løgn? Og kvifor er han så oppteken av sjølvmord?

Det er ei fabelaktig bok. Baksideteksten røpar for så vidt at dette kjem til å gå gale, men likevel: Måten Høyer fortel dette på, korleis det gradvis går opp for lesarar og for kvinna at mannen er sjuk, er glimrande fortalt. 

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Fortellingen om øde (2015)
Kirurgen (2022)

10. september 2024

Richard Ford: Be Mine (2023)

Dette er den femte, og truleg siste, boka Ford skriv om Frank Bascombe. Han er vel eigentleg ein rimeleg patetisk person, han har ikkje fått til all verda i livet sitt, sjølv om han skapar inntrykk av det. Han fortel bøkene sjølv, og det er som regel dei andre som har gjort noko gale. 

Familieliv er det han har fått aller dårlegast til. Denne boka fylgjer eit mønster han har teikna opp før - Bascombe skal på tur saman med ein av ungane sine, under ei amerikansk høgtid. Denne gongen er det den dødssjuke sonen Paul det handlar om. Han er heller ikkje lett å lika, forresten. Paul er med på ei undersøking på Mayo-sjukehuset i Rochester, Minnesota. Far og son har budd saman der lenge, og etter undersøkinga legg dei ut på ein tur til det ur-amerikanske Mount Rushmore.

Det er ein tur som er nesten like seig som boka. Ford skriv detaljert, han har mange tilbakeblikk og tek oss med nokre sidevegar, og det er ikkje alltid like lett å skjøna kvar han vil. Han prøver ofte på å vera morosam, trur eg, men det får han heller ikkje til lenger. Viss dette vert den siste boka til Ford, er det ei skuffande avslutning på ein forfattarskap som inneheld fleire fine bøker.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
A Piece of My Heart (1976)
The Sportswriter (1986)
Wildlife (1990)
Let Me Be Frank With You (2014)
Between Them (2017)

8. september 2024

Odd Nordstoga: Spelemann (2024)

Odd Nordstoga er ikkje ein artist eg har høyrt mykje på. Musikken hans har ikkje den same sjarmen som han har - han verkar litt keitete og nesten sjenert, det verkar av og til som om han ikkje heilt forstår kvifor han gjer det så bra. Det er noko fascinerande ved han, dels dette at han er så tydeleg på kvar han kjem frå. Så eg kjøpte denne boka, og det angrar eg ikkje på.

Det er ikkje noko tradisjonell sjølvbiografi. Me hoppar att og fram i kronologien - av og til er me tilbake i oppvekst og tidlege skuleår; med jamne mellomrom er me i samtida, der han tek med seg ungane sine på påskeferie frå heimen i Oslo til barndomsheimen i Vinje. Fleire av desse samtidskapitla går over i eigne minne, som då han køyrer sonen til folkehøgskule på Sørlandet og tenkjer på sitt eige folkehøgskuleår på Voss.

Han skriv òg mykje om å skapa musikk og om å vera musikar. Turnélivet vert ein fristad, der han kan leggja kvardagen heilt vekk og få det meste servert. Så skriv han mykje (og godt!) om det å høyra til ein stad, både geografisk og mellom vener og kjende. Ei fin bok.

Guffen tilrår.