18. august 2016

A. J. Jacobs: The Know-It-All (2004)

Utgangspunktet er like enkelt som det er krevjande: Den amerikanske journalisten A. J. Jacobs sette seg føre å lesa heile Encyclopeida Britannica. Målet var å verta klokare. Det vart han, i alle fall på den måten at han lærte mykje nytt, men han har langt igjen før undertittelen på boka vert ein realitet: One man's humble quest to become the smartest person in the world.

Og akkurat det var jo ikkje målet hans. Han er fullt klar over at han ikkje kjem til å hugsa alt, og han er fullt klar over at det finst mykje kunnskap som ikkje er nemnt i EB. Eitt av måla hans var nok å gjera noko ingen (han kjende) hadde gjort før, og eit anna mål var å skriva ei underhaldande bok om dette påfunnet.

Det har han klart. Når han refererer frå artiklar i oppslagsverket er det dei kuriøse sidene han festar seg ved. Men der er fleire underhistorier. Han går på fleire kurs for å læra å hugsa meir. Han melder seg på Vil du bli millionær, og gjer det bra heilt til han får eit vanskeleg spørsmål om blodceller. Han ringjer den ekstremt smarte svogeren sin, og vert litt letta då heller ikkje han veit svaret. Han fortel òg om korleis han og kona ynskjer seg barn, men ikkje får det til.

Det er underhaldande lesnad, stort sett, Og det er heilt greitt.

Guffen tilrår.

Meir Jacobs på kulturguffebloggen
The Year of Living Biblically (2007)
The Puzzler (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar