21. august 2016

Gunnhild Øyehaug: Draumeskrivar (2016)

Dei 19 korte novellene i denne boka handlar alle om draumar, på ein eller annan måte. Boka opnar med to liner frå "Draumkvedet", og i den siste novella fortel eg-personen om ulike versjonar av dette storverket - kanskje berre for å få poenget ekstra tydeleg fram.

Her er både draum og fantasi. Éi novelle sluttar med at forteljaren vaknar og innser at alt var ein draum, ei anna sluttar med at forteljaren ventar på å vakna frå draumen sin. I andre noveller verkar det som om det heile er ein dagdraum, altså ein fantasi. Det er eit grep som fungerer heilt greitt, sjølv om det å la forteljaren vakna frå draumen er ei litt for lett litterær løysing.

Øyehaug skriv godt. Ho er glad i å bruka komma, og kan godt ha så lange setningar at der er ti-tolv komma mellom to punktum. Ho viser til andre litterære tekstar enn "Draumkvedet", slik ho har gjort før, men det vert ikkje opplevd som at ho på liv og død skal visa kor mange bøker ho har lese.

Guffen tilrår.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar