10. august 2016

Jakob Naadland: Noreg er namnet (1954)

Didrik Arup Seip skreiv i 1953 eit innlegg i Stavanger Aftenblad, der han hevda at forma Norge var av norsk opphav. Seip var professor i riksmål, og ser ikkje ut til å ha vore spesielt nynorskvenleg. Innlegget hans fekk fleire til å reagera, og Jakob Naadland kan ha vore den som reagerte sterkast. Han skreiv fyrst eit svar til Seip i Stavanger Aftenblad, og utdjupa synspunkta sine i dette heftet, som vart gjeve ut av Noregs Mållag. Seip svara aldri på argumenta til Naadland.

Kort fortalt meiner Naadland at Norge har dansk opphav, og at den norske av dei to namneformene er Noreg. Det bør ikkje vera noko bombe når ein ser på kven som er utgjevar. Men han argumenterer godt for synet sitt. Han går inn i ei rekkje brev frå mellomalderen, og viser (grovt sett) at Norge-former er skrive av danske brevskrivarar, og at Noreg-formene var dei vanlege når breva var skrivne av nordmenn.

Like overtydande er det når han viser til nokre få døme frå 1800-talet, der fagfolk seier at forma Noreg var den vanlege i fleire dialektar. I ei avhandling på svensk frå 1849 skreiv til dømes P. A. Munch at "norska folket själft säger alltid Norig eller Noreg".

Heftet er prega av at Naadland vil visa fram så mange døme som råd. Det gjer at heftet vert litt seigt å koma gjennom, men det gjer jo òg at det er lettare å tru på argumenta hans.

Guffen tilrår.litt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar