20. februar 2016

William Gay: Little Sister Death (2015)

Den amerikanske forfattaren William Gay døydde i 2012, 70 år gamal. Han kom seint på banen, den fyrste boka hans kom i 1999, og han gav berre ut tre romanar og to novellesamlingar før han døydde. Og den eine novellesamlinga har like godt berre to noveller. Det har vore varsla at det kjem to, kanskje tre, posthume romanar, og dette er den fyrste av dei.

Forteljingane til Gay er ofte valdelege. I denne boka er det òg ein del vald, til dels både overraskande og grotesk. I prologen fortel Gay om ein dokter som vert henta og køyrt langt ut på landsbygda, der han må hjelpa til under ein fødsel. Det går bra, og ungen vert gjeven til ein mann i rommet, og det fyrste denne mannen gjer er å kasta den nyfødde guten inn i bålet på peisen.

Denne prologen vert tidfesta til 1785, og det er ein roman som hoppar mykje i tid. Rammeforteljinga handlar om David Binder, ein forfattar busett i Chicago, som slit med å følgja opp debutboka. Han les om eit spøkelseshus i Tennessee, og finn ut at han vil skriva ei bok om dette huset og hendingane der. Han leiger like godt huset, og parallelt med at han avdekkjer meir og meir av forhistoria, vert han og kona og dottera etter kvart plaga av spøkelse i og rundt huset.

Gay skriv som vanleg glimrande. Her vekslar han mellom ulike stilar - midt i boka kjem det som vert omtala som eit utdrag frå ei anna bok om dette spøkelseshuset. Eg reknar med at dette er noko Gay har skrive sjølv, men er ikkje sikker - uansett er det altså skrive i eit heilt anna språk enn det Gay bruker til vanleg. Boka er basert på verkelege hendingar, som det heiter, det har vore skrive rundt førti sakprosabøker om dette huset og spøkelsa der, og boka sluttar òg med ein artikkel Gay har skrive om desse hendingane. Og ho opnar med ein artikkel om Gay, skriven av Tom Franklin.

Det er stas å lesa Gay. Dette er likevel ikkje det beste han har skrive, det er noko uferdig over det heile. Han byggjer historia opp mot eit klimaks som aldri kjem. Om manuset var uferdig, eller om det var tenkt sånn frå Gay si side, kjem ikkje fram, men eg sat i alle fall att med ei kjensle av at her skulle det koma fleire kapittel.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)

The Lost Country (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar