23. februar 2016

George Wasmuth Sejersted: Leiv Eirikson til Vinland (1943)

All litteratur om Vinland og Vinlandsferdene som er skriven før Anne Stine og Helge Ingstad fann norrøne busetnader på L'Anse aux Meadows er jo litt forelda. Denne kom i tillegg ut på det NS-venlege Blix forlag, og det gjer ein jo hakket meir skeptisk til det som står her. Her er mange referansar til gode nordmenn og norske heltedådar, men ikkje verre enn at ein greier å ta det med ei klype salt.

Det som ikkje er så lett å ta med ei klype salt er den dårlege redigeringa av boka. Utgangspunktet er heilt greitt - Sejersted ser ut til å ha eit ynskje om å referera Vinlandsferdene rundt år 1000, og om det som skjedde med busetnaden dei neste åra. Då er det heilt på sin plass at han inkluderer noko om samfunnet på Grønland, det er reint bakgrunnsstoff. Verre er det at det kjem altfor mange sidespor i den delen av boka, lange utgreiingar om hendingar knytt til andre som budde på Grønland. Og endå verre er det at han, etter å ha gjort det han skulle og burde, tek med fleire titals sider om utforskinga av den amerikanske austkysten på 1500- og 1600-talet. Det er heilt malpalssert.

Det han skriv om Vinlandsferdene er, går eg ut frå, grundig og godt. Det er nok mykje avskrift frå kjelder han ikkje er spesielt flink til å visa til, og det er altså ikkje måte på norske heltedådar til havs og til lands, men den delen av boka gjekk det greitt å lesa. Resten var det altså verre med.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar