6. februar 2016

David Cavanagh: Good Night and Good Riddance (2015)

Eg har vel aldri vore så oppteken av radio. Nokre år rundt 1980 høyre Tørsten og eg mykje på Radio Luxembourg, som introduserte oss for mykje ukjent. I alle fall dei dagane me fekk kanalen inn - som regel måtte me jobba knallhardt for å få inn gode signal.

Hadde me fått inn John Peel, som arbeidde for BBC, hadde eg truleg høyrt meir på radio. Og eg hadde vorte introdusert for endå meir ukjent musikk. Peel vart etter kvart ein institusjon, der han plukka opp ny musikk, spelte mykje klassisk, og var den eine radio-DJen svært mange høyrde på. Band gjorde spesialopptak for han, kalla sessions, og han var som regel den DJen som fekk dei spanande platene fyrst. Han var ein trendsetjar, som var tidleg ute med å spela David Bowie, Bob Marley, Mike Oldfield (Tubular Bells ville kanskje ha vorte ein parentes i platehistoria om ikkje Peel hadde spela heile plata i eit radioprogram), Roxy Music, The Smiths, Joy Division/New Order, White Stripes, og som var den fyrste DJen på ein stor radiostasjon som kasta seg over punken. Han var ustyrleg, han var heile tida sin eigen herre, og spelte musikken han sjølv likte. Han var heilt uinteressert i band som på sett og vis ville ha passa inn (som t.d. R.E.M.), medan han var ekstremt interessert i band som ikkje alle sette like høgt (som t.d. The Fall).

I denne boka, som er ekstremt underhaldande, har David Cavanagh høyrt gjennom det som finst av Peel-opptak, og har i tillegg gått gjennom sendeplanane for dei andre programma, i alle fall dei han har fått tak i. Så skriv han om 265 av desse programma, på ein fri og god måte. Han kan kommentera musikken Peel spelar, men før han kjem så langt kan der godt vera ei side eller to med forhistorie, anten knytt til bandet eller til Peel sjølv. Det vert altså ei omfangsrik bok, på litt over 600 sider, men det er ei bok det går fort å lesa. Peel var ein fargerik person. Nokre høgdepunkt:

* Peel var på lufta kvar dag. Han spelte ofte demoar eller plater med ukjende band, og for konsertarrangørar kunne det vera vanskeleg å koma i dag med desse. Ofte las Peel opp adressene. I 1978 spurde Geoff Travis om Peel kunne setja han i kontakt med bandet Swell Maps, og Peel fungerte nærmast som ein informasjonssentral: I ei direktesending bed han bandet kontakta Travis.
* I 1979 fekk han tilsendt to Ep-ar frå eit band i Dublin, men kunne ikkje spela dei: "I was given two copies of this earlier this week, but if anybody from U2 is listening, both copies were too warped for me to ever possibly play on the radio".
* Peel skreiv om musikk for avisa The Observer. I 1988, i ei og same spalte fortel han at han var på konsert to dagar på rad - den eine dagen med Shirley Bassey, den andre med Extreme Noise Terror. Cavanagh skriv at Peel truleg var den einaste som såg begge konsertane, "and certainly the only one at Extreme Noise Terror to have his wife and twelve-year-old son with him.
* Platene han fekk var ofte promo-kopiar, utan mykje informasjon på sjølve plata. Fleire gonger spelte han plater på feil hastigheit. Ofte måtte han ringja plateselskap for å finna det ut, men han vart ikkje alltid klokare av det: "This very day, I phoned somebody up to ask them this - and they didn't know themselves". Så spelte han ei anna plate der han var i tvil, og der han hadde ringt opp selskapet. Etter at songen, som verkar litt treg, var slutt, sa Peel "I can't remember what the answer was".
* Då han fekk tilbod om å verta teken opp i den amerikanske Rock'n'Roll Hall of Fame, lo av han det heile i programma sine. Han las opp brevet deira, der han var beden om å svara på ei rekkje spørsmål, mellom anna om han hadde eit uttrykk han brukte ofte: Han meinte at "Oh no, I'm playing this at the wrong speed" ville vera midt i blinken.
* Ein gong han ville selja brukte plater, fekk han besøk av ein platesamlar før Peel køyrde vekk med platene. Han ombestemte seg, dels av di platesamlaren sa at mellom platene Peel ville gje vekk var det éi som var så sjeldan at mange samlarar meinte at ho ikkje eksisterte.
* På ei prisutdeling i 2000 vart han sitjande ved sida av skodespelaren Britt Ekland. Ho sa at ho høyrde jamleg på programma hans, og Peel sa seinare at han var på nippet til å seia "Name one record that I've played in the last ten years". Litt seinare greier Ekland å forstua foten, og då ho seinare vert ropt opp til ein pris, er det hakket før Peel melder seg friviljug til å bera henne opp på scena. Men han var i tvil om han ville greia, det han var rundt 55 år, og meinte at det siste ungane hans fortente var å sjå overskrifta "Veteran DJ dies underneath Britt Ekland" i avisene dagen etterpå.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar