6. februar 2016

A Fistful of Dynamite (1971)

I fjor haust kjøpte eg ein DVD-boks med tre spaghettiwesternfilmar av Sergio Leone. Eg trudde det var dei tre filmane, men det var det visst ikkje, og det kan jo forklara kvifor den tredje filmen i den trilogien var merka "disc one". For det gjekk gradvis opp for meg at dette ikkje var A Fistful of Dollars, slik eg trudde det var, også etter at eg hadde sett ein halvtime eller endå meir av filmen. Kvar vert det av Eastwood, tenkte eg, og studerte omsider omslaget godt nok.

Denne filmen er lagt til den meksikanske revolusjonen, sånn omtrent rett etter 1910. Ein gjeng bandittar har fått tak i ei luksuriøs vogn, som vert dregen av åtte-ti hestar. Dei møter ein ire, som er i Mexico av di han støttar revolusjonen. Han framstår som ein litt meir edrueleg og litt meir sjarmerande versjon av Dynamitt-Harry. Han har med seg enorme mengder dynamitt, og har han ei ledig stund, fyrer han av ein salve. Saman vil dei rana ein bank, men vert skuffa då dei bryt seg inn - alt gull og alle pengane er flytta, og banken vert no brukt som fengsel for revolusjonære. Dei vert slepte fri, sjølvsagt.

Og omtrent her miste eg heilt interessa for filmen. Fram til då hadde det vore heller keisamt, frå her og ut såg eg på filmen med eit halvt auge. Den største salva i filmen sprengjer ei bru til pises, han iren døyr mot slutten av filmen, men det engasjerer lite. Altfor langt, altfor kjedeleg, altfor livlause replikkar, osb.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar