For ein del Øyehaug-bøker sidan skreiv eg at ho siglar opp som ein favoritt. Den posisjonen har ho framleis - nye bøker av Øyehaug vert kjøpt inn og lesne så fort sjansen byr seg. Det er som regel store leseopplevingar, og slik er det òg her.
Boka inneheld femten noveller. Opningsnovella er så vidt over éi side; dei lengste novellene er på seksten sider. Finst det fellestrekk? Det gjer det sikkert - tittelnovella hintar mot at sex er eit emne som kan dukka opp, og slik er det. Av og til kjem det utan varsel. I "Vi hadde kuskrekk" er to unge menn på veg gjennom skogen, på leiting etter noko dei kan eta: "Vi følte at vi kom til å svime av om vi ikkje fann nokre sniglar snart. I staden kom vi over ei kvinne som stod på alle fire ved eit tre og onanerte".
Eit anna fellestrekk er den skrivegleda Øyehaug viser fram. Tekstane hennar er livlege og leikne, med referansar i alle retningar. Eg tek nokre av desse; andre går meg sikkert hus forbi. Men om her er fellestrekk, er her òg ulikskapar - det er eit stort spenn i boka, og det er jo berre gledeleg.
Guffen tilrår.
Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)
Her kjem sola (2024)



