25. november 2025

Pat Gilbert: Passion is a Fashion. The Real Story of the Clash (2004)

På slutten av 70-åra, omtrent då eg oppdaga god musikk, var The Clash ei av gruppene eg høyrde mest på. Eg har ei kjensle av at det var omtrent rundt då London Calling kom ut, altså seint i 1979. Det var den tredje av fem plater dei gav ut, og det er framleis den mest vellukka. (Ja, eg veit at det kom ei sjette plate, men den er det jo ingen som reknar med.)

Denne boka fortel historia deira på ein glimrande måte. Gilbert har intervjua dei fire i bandet, men han har òg intervjua enormt mange andre. Han har full kontroll over det som skjer, han dreg liner til andre sjangrar og plater, og han vekslar mellom samtid og fortid. Når han introduserer dei fire i bandet skriv han fyrst om korleis dei har det no (altså i samtida), før han går tilbake til oppveksten deira. (Og ja, eg veit at det var fleire enn dei fire i bandet, men dei er det jo ingen som reknar med.)

Dei fire er like, men òg ulike. Joe Strummer er den ordrike, som vert ein slags ideolog. Mick Jones er komponisten og musikaren, som gradvis oppfører seg meir og meir som ei stjerne. Paul Simonon er han som med i bandet av di han såg bra ut, og som etter kvart vart ein habil bassist. Topper Headon er den usannsynleg gode trommeslagaren, som vart sparka av di han brukte for mykje dop, og som seinare sa at det han angra på var at han aldri fekk vist kor god trommeslagar han kunne vorte.

Guffen tilrår. 

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)
Micajah Henley: Sandinista! (2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar