24. juni 2011

Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (2007)

Eg skreiv nyleg om debutplata til Fugazi, og i kjent stil kjem det ein oppfølgjar. Det er ikkje mange vekene sidan eg fyrste gong høyrde om denne boka, og her ein dag låg ho i postkassa. Det er ei fin bok.

Friedman vart etter kvart godt kjend med bandet. Han fotograferte dei jamleg frå 1988 til bandet tok ein pause fjorten år seinare. På to av dei tidlege platene deira var der fotografi han hadde teke, og gjennom heile boka er det tydeleg at han set bandet og musikken deira høgt. Det er solid musikk. Og det er solide bilete.

Fugazi var (eller er, for dei som trur at dei nokon gong avsluttar pausen) eit svært energisk band. Det kjem godt fram i bileta til Friedman. På scena var dei to gitarist/vokalistane Ian MacKaye og Guy Picciotto dei to mest energiske. Heile tida i rørsle, ikkje alltid i lodd og vater, dei skreik like mykje som dei song, og må ha vore drøymemotiv for ein fotograf som kom så tett innpå dei. Bassist Joe Lally og trommeslagar Brendan Canty har nærmast trekt seg så langt bak på scena som råd, for at dei to andre skal få plass nok til å boltra seg på. Lally står gjerne heilt ved sida av slagverket, slik at dei to har god augekontakt. Det verkar heilt rart, men det skapar nesten inntrykk av at det er to ulike band på scena på ein gong.

Friedman tok òg mange gruppeportrett, og her er det derimot tydeleg at det er eitt band. Dei står godt til kvarandre, dei vekslar på å ta heidersplassen i bileta, og ser ut som om dei høyrer godt saman. Der er lite smiling på desse bileta, og det er ikkje uventa. Friedman skriv i ein bilettekst at "attitude works well on film", og det stemmer.

Boka kom ut på dagen tjue år etter den fyrste Fugazi-konserten. Ho kunne gjerne vore tjukkare, men forklaringa ser ut til å vera grei: I staden for sidetal står det namnet på ein Fugazi-song nedst på kvar side, i kronologisk rekkjefølgje. Boka har òg eit føreord der Ian F. Svenonius med vekslande hell forklarar kvifor Fugazi var viktige.

Guffen tilrår.

Meir Friedman på kulturguffebloggen
My Rules (2014)
Just a Minor Threat (2023)

Meir Fugazi på kulturguffebloggen
Fugazi (1988)
Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)
Glen E. Friedman: Just a Minor Threat (2023)

23. juni 2011

En håndfull tid (1989)

Var verkeleg norsk film så dårleg i åttiåra? I mai såg eg Orions belte, og vart overraska over kor dårleg han var. Denne filmen fekk veldig mykje skryt då han kom, og slik han står i minnet mitt var det ein fin film, ei god forteljing om korleis nokre minne kan leva livet ut. I dag var filmen meir patetisk enn poetisk.

Alt er ikkje svart. Martin Martinsen, fint spelt av Espen Schønberg, bur på gamleheim, men dett rett som det er inn i ei drøymeverd der han snakkar med enkja si, som døydde i barselseng medan dei var på Vestlandet for å kjøpa hestar. Han stikk av frå gamleheimen, og går opp att turen dei to gjorde femti år tidlegare, og sjølv om han er gamal og skral, kjem han seg fram til grava hennar før han sjølv døyr. Me ser ikkje så mykje til vandringa hans, det handlar meir om turen dei to gjorde då dei var yngre.

I filmen skjer omtrent det same med ulike personar til ulike tider. Martin er farlaus, Anna vert med han vestover av di faren misbrukar henne, dei to slår seg ned hjå eit par der det manglar både foreldre og ungar, og den gamle Martin er sjølv vitne til at ein far misbruker dotter si. Og Anker, son hans, miste altså mor si alt då han vart fødd. Eg trur det er dette filmskaparane vil seia noko om, kanskje noko om at levetida vår er rimeleg kort, sånn totalt sett, kanskje noko om at folk opplever tid ulikt. Eg veit ikkje, eg får ikkje heilt tak i det. Der er i alle fall nok av klokker i filmen.

Ein pyntar gjerne på minnene sine. For den gamle Martin var tida han hadde saman med Anna den beste tida han hadde hatt; for den unge Martin var hestane langt viktigare. Han ville heller sjå til ei hoppe som venta føll, enn ein kjærast som venta unge.

Det som dreg filmen ned er mangelen på originalitet. Eller rettare, den hyppige bruken av det ein nesten kan kalla klisjear i dårlege norske filmar. Her er det litt av kvart - det er mykje natur, det er mykje blod, det er fuglar, fjell og fjord, det er uekte latter, det er folk som badar nakne, det er incest, det er slakting, det er stavkyrkjer. Det vert for mykje av dette, og når det mot slutten av filmen dukkar opp ein engelsk forfattar som meiner at alle hendingar skjer samtidig, i ulike tidslag, verkar det nesten som om filmen er meint som ein komedie.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. juni 2011

David Nichols: The Go-Betweens (2003)

Hm. Litt rar bok dette. Boka har sine manglar, men er likevel verdt å lesa. The Go-Betweens er eitt av dei finaste popbanda som har eksistert, og det er skrive skammeleg lite om dei. Boka fyller difor eit hol, og gjev eit greitt innblikk i historia til bandet.

Likevel er her altså nokre manglar. Den største er at Nichols aldri prøver å gje eit fullgodt svar på det store spørsmålet rundt The Go-Betweens: Kvifor vart dei aldri større? Dei hadde det meste som skulle til - fabelaktige melodiar, glimrande tekstar, to passeleg eksentriske gitarist-vokalistar, og dei fekk i tillegg jamt over gode meldingar for platene sine, i alle fall frå og med meisterverket Liberty Belle and the Black Diamond Express, som kom i 1986. Kanskje dei ikkje ville det nok sjølv, kanskje dei hadde det fint slik dei hadde det, eg veit ikkje. Det spelte sikkert inn at dei aldri fekk ein skikkeleg manager, at der ofte var utskiftingar av medlemmer, og at dei sleit med å finna eit plateselskap som verkeleg ville satsa på dei, men likevel: Så lenge platene dei gav ut var gode nok, burde vel det vera det viktigaste? Dei var der nesten, men greidde aldri heilt å ta det siste steget.

Nichols går kronologisk til verks. Han vektlegg ting litt rart, eg synest han bruker altfor mykje tid på dei tidlegaste åra deira, åra då dei prøvde og feila i heimbyen Brisbane i Australia. Alt her viste dei god språkbruk, det tidlege bandet The Godots fekk slagordet "the band you've been waiting for". Deretter går det slag i slag, frå plate til plate, fram til dei to viktigaste i bandet, Robert Forster og Grant McLennan, oppløyste bandet på ein rimeleg mislukka måte. Trommeslagaren Lindy Morrison hadde vore med i ti år, multiinstrumentalisten Amanda Brown hadde vore med i fire-fem år, medan bassisten Michael Armiger hadde vore med nokre månader. Forster og McLennan fann ut at dei tre andre måtte få beskjed på nøyaktig same tidspunkt. Dei hadde kanskje tenkt at dei ville heva Armiger opp på nivået til Brown og Morrison; resultatet var at dei følte seg redusert til nivået hans. Og det gjorde ikkje ting betre at McLennan og Brown var sambuarar då han fortalde ho at han og Forster ville halda fram utan dei andre. Dei var ikkje sambuarar mange timar etter det.

Nichols skriv òg uventa mykje om kva dei tidlegare bandmedlemmane gjorde i 90-åra. Den fyrste utgåva av denne boka kom i 1997, men etter at bandet kom saman igjen i 2000 kom det ei ny og utvida utgåve i 2003. Då var Go-Betweens igjen eit relevant band, dei hadde nett gitt ut den fine Bright Yellow Bright Orange, og to år seinare skulle dei gje ut den endå finare Oceans Apart. Lenger kom dei ikkje, McLennan døydde i 2006.

Eit så fint band som The Go-Betweens fortener ei betre bok enn denne. Men i mangelen på noko anna er ho altså likevel verdt å lesa. Nichols siterer mykje frå intervju, både eigne og frå andre kjelder, og det er eit pluss ved boka - bandet formulerte seg godt også i slike samanhengar.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

19. juni 2011

Sindre Kartvedt: Vest for Eden (2003)

Endå ei bok om USA skriven av ein nordmann, den andre i dag. Måten dei to forfattarane nærmar seg emnet sitt kunne knapt vore annleis. Sigmund Skard har ein akademisk skrivemåte, og viser stort sett til forskarar og teoretikarar. Sindre Kartvedt har røtene og føtene sine i populærkulturen, og let til ei viss grad musikkinteressa si styra reiseruta.

Kartvedt har budd i Los Angeles sidan midt i 80-åra. Han bur ikkje i den rikaste bydelen, og i kapitlet om Los Angeles skriv han meir om bydelane der folk ikkje vassar i pengar. Slik er det òg dei andre stadene han tek utgangspunkt i. Han reiser til område som anten er ekstreme, som Las Vegas, eller den Disney-styrte og sterile byen Celebration i Florida. Og han reiser til stader som er ekstremt utypiske i USA, som statane Montana eller Wyoming, område der ein knapt ser dei kjedebutikkane ein ser overalt elles.

Han får fram at det er mykje rart i USA. Han skriv likevel med respekt, det er ikkje den latterleggjeringa ein ofte kan finna elles. Han prøver å forstå det, og han prøver å sjå korleis dei amerikanske mytene lever i ulike delar av landet. Han skriv godt om dei opne og enorme naturområda i Montana, der alle elvar har poetiske og stemningsrike namn. Han skriv diverre ikkje like godt om dei fyrste som reiste gjennom det området, omtalen av ekspedisjonen til Lewis og Clark (eller Crook, som han ein gong skriv), og omtalen av delar av Black Hills er ikkje heilt presis. Han er langt betre når han skriv om populærkultur, eller når han med ei setning punkterer amerikanske myter. Han skriv til dømes om korleis dei rikaste i USA likar å kalla landet eit meritocracy, eit samfunn som i tråd med ideala til Jefferson er eit land der dei flinkaste når lengst. "Det er imidlertid et vanskelig premiss å anvende på en nasjon der George W. Bush er blitt president".

Guffen tilrår.

Sigmund Skard: Amerikanske problem (1949)

Sigmund Skard var ein klok mann. Han var lenge i USA under andre verdskrigen, og vart etter krigen tilsett ved Universitetet i Oslo, for å undervisa i amerikansk litteratur og kultur. Denne boka er skriven nokre år etter at han tok til, og viser at han har svært god oversikt over korleis USA var bygd opp. Han skriv godt og informativt. Han er positiv til USA, han er glad i landet, men han er òg svært kritisk til mykje av det han finn.

Boka er farga av at ho er skriven rett etter krigen. Der er ein stor optimisme i landet, og det er rett før den verkeleg store auken i det personlege forbruket tek til. Amerikanske kulturprodukt når òg vidare og vidare i verda. Skard ser at dette vil utvikla seg, og han er ikkje spesielt glad for det. Han meiner at den amerikanske kulturen som vert eksportert er tanketom, og at dette er til skade både for amerikanarar og andre. Folk frå andre nasjonar får eit feil bilete av korleis landet er. Han er òg uroleg for korleis dei ulike delane av landet vert likare og likare. Ein kjøper meir og meir frå store postordrekatalogar, slik at alt vert meir standardisert.

Boka har fire delar. I den fyrste presenterer han landet, både geografisk og litt historisk. I dei to neste bolkane går han inn på det han ser som amerikanske problem, fyrst samfunnsproblema, deretter kulturproblema. I ein siste del skriv han om etterkrigs-USA, der han viser at han har stor sans for Franklin D. Roosevelt, og det han fekk gjort. For Skard er dei største problema at pengar er viktigare enn menneskeverd, og at landet ikkje ser ut til å ha ei god løysing på integreringsutfordringane i sørstatane. Han jamfører landet med ein person, og skriv at det fyrst nokre tiår inn på 1900-talet vart vakse. Det har kvitta seg med nokre pubertetsproblem, det politiske systemet vert til dømes mindre og mindre korrupt.

Boka opnar og sluttar med noko Henrik Wergeland skreiv i 1835, at Europa ligg i ein skuggedal mellom to mektige makter, USA og Russland. Skard meiner at slik er det framleis i 1949, og han skriv at for han er begge desse stormaktene like lite freistande. Han vil finna ein annan veg, men er ikkje i tvil om at det er lurare å støtta seg på stormakta i vest.

Boka kom ut for seksti år sidan, og er sjølvsagt utdatert på mange område. Her er likevel nok av gode poeng.

Guffen tilrår.

Meir Skard på kulturguffebloggen
Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte (1985)

15. juni 2011

Mr. Smith Goes to Washington (1939)

Det vert ikkje akkurat spart på dei amerikanske symbola i denne filmen. Det er likevel noko anti-amerikansk over det heile, filmen fortel om eit korrupt politisk system. Når det strøymer på med bilete av George Washington, når det kjem heile eller halve djupt patriotiske eller nasjonale songar, når Mr. Smith tek turen til Lincoln-monumentet, når senatorar omtalar senatssalen som "the greatest floor in the country" handlar det like mykje om at det kan vera råd å få dei amerikanske verdiane attende til den amerikanske politikken.

Filmen opnar med at ein senator døyr. Han kjem frå ein ikkje namngjeven stat i den amerikanske midtvesten, og guvernøren i den staten må utnemna ein ny senator. Han greier ikkje å velja mellom dei to mest opplagde kandidatane, og tek like godt ein tredje, ein populær speidarleiar. Namnet hans, Jefferson Smith, er symboltungt - Thomas Jefferson var ein av dei viktigaste tidlege presidentane, og Smith er ... vel, det vert ikkje mykje vanlegare enn Smith. I ei ideal amerikansk verd kan ein vanleg mann påverka det som skjer, og det er òg det som skjer her.

Smith landar uforvarande midt i ei sak som stinkar. Paine, den andre senatoren frå heimstaten til Smith, har saman med Taylor, ein rik pressemann som styrer det meste i staten, anonymt kjøpt opp alt land rundt ein dal som skal demmast ned. Planen er å tena store pengar på å selja dette landet til staten, men ut av det blå foreslår Smith i senatet at området skal verta ein leir for gutar frå heile landet, ein leir der dei kan lærast opp til å verta gode amerikanske patriotar. For Paine vert den einaste utvegen å skulda Smith for juks, og han skaffar dokument som viser at det faktisk er Smith som eig dalen der leiren skal vera. Smith er på nippet til å verta kasta frå senatet, men får ordet i ein debatt. Og i det amerikanske senatet er det så viseleg laga at ein kan snakka så lenge ein vil. Det gjer Smith, han snakkar i 24 timar før han besvimer. Paine får så dårleg samvit at han seier det som det er.

James Stewart har hovudrolla, og han er som vanleg glimrande. Frå å vera ein naiv, usikker, stammande og fersk senator tidleg i filmen vert han meir sjølvsikker, og er ein heilt annan person når filmen sluttar. Eg likar Stewart.

Guffen tilrår.

14. juni 2011

Frå arkivet: Fugazi: Fugazi (1988)

Eg las nyleg Our Band Could Be Your Life, ei fin bok om amerikansk undergrunnsmusikk i 80-åra. Der skriv forfattaren mellom anna mykje og godt om Fugazi, som eg høyrde mykje på rundt 1990. One thing led to another osb.

Eg er som vanleg ikkje heilt sikker, men eg trur eg var på konsert med dei før eg høyrde dei på plate. Fugazi er frå Washington DC. Dina budde litt utanfor byen, og var ofte på konsertar der. Eg trur eg såg dei fyrste gong våren 1989, og likte det eg såg. Eg hadde sikkert fått ei kort innføring i kven som var med, med det var stort sett berre namn for meg. At den eine av vokalistane hadde vore med i Minor Threat var for meg berre ei nyttig opplysning, eg hadde aldri noko forhold til det bandet.

Dette var uansett noko heilt anna. Der Minor Threat var rein aggresjon, var musikken til Fugazi langt meir samansett. Her er sinte gitarar og tidvis sint synging, men slettes ikkje alltid. Og under og rundt vokal og gitar dansar ein lettbeint og lystig bass, som saman med nokre trommer som er langt meir varierte enn vanleg var i punken gjev musikken eit anna og meir spanande fundament.

Slik er det òg på denne plata, den fyrste dei gav ut. Her er berre sju songar, på den neste var det berre seks, og dei vart seinare utgitt som ein samle-CD. Opningssporet er den beste songen dei nokon gong gav ut, "Waiting Room". Det opnar med ein leikande bass, trommene kjem inn, gitarane kjem inn, og så stoppar det berre. Heilt. Fire-fem sekund utan lyd, og så er det i gang for alvor. Kva eller kven Ian MacKaye ventar på seier seg ikkje sjølv, eg trur han har sagt at det handlar om tida etter Minor Threat, der han venta på å koma inn i eit nytt band, men er slettes ikkje sikker.

Det er klarare kva to av dei andre store høgdepunkta på plata handlar om. I "Give Me the Cure" er eg-personen ein AIDS-sjuk mann som ventar på ein medisin. Han treng ikkje vita kvifor eller kvar sjukdomen kom frå, han vil heller ha ein medisin. "A Reason? Good God, I don't need a Reason". I "Suggestion" er eg-personen ei kvinne som gjerne vil gå gjennom gatene utan at alle menn vurderer ho fysisk. Det er rimeleg effektfullt i utgangspunktet, altså at ein sterk og sint vokalist skrik desse orda ut, men det var endå sterkare å høyra songen på ein konsert med kvinneleg gjestevokalist.

Det er av og til på nippet til å vera overtydeleg, og plata kan kanskje verka som ei lærebok i korleis Fugazi meiner at ein skal leva livet sitt. Sjølv har eg ikkje noko problem med det, dei har fornuftige meiningar, og av og til kan det vera greitt å vera overtydeleg. Det kjem jo litt an på kva publikum ein har, og på den tida kunne mange punk-konsertar framleis vera valdelege.

Kva skjedde etterpå? Fugazi la grunnlaget for suksessen til Fugazi. Dei vart (og var) eit viktig band, der dei stod for gode haldningar som vart spreidd til svært mange. I boka eg nemnde over står det at dei har selt over to millionar plater, og det var altså for ti år sidan. Denne plata er den beste dei gav ut, nærmast kjem dei på Repeater (1990). Dei turnerte over heile verda, og gav ut plater gjennom heile 90-åra. Den siste kom i 2001, og bandet har hatt pause sidan 2003.

Guffen tilrår.

Meir Fugazi på kulturguffebloggen
Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (2007)
Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)
Glen E. Friedman: Just a Minor Threat (2023)