30. november 2024

Morten A. Strøksnes: Molok (2024)

Når me les bøker om Palestina og Israel - kor mykje er me påverka av kva me meiner om konflikten? Dei aller fleste må ha ei meining om det som har skjedd og framleis skjer. For meg er dette ei god bok, men eg er usikker på om dei Israels-venlege naboane mine ville sagt det same. 

I dei andre Strøksnes-bøkene eg har lese er han vanlegvis på farten. Denne gongen er han heime, og skriv ei slags dagbok over hendingane i og rundt Gaza. Boka opnar 7. oktober 2023 og sluttar eitt år seinare. Han skriv om utviklinga gjennom året, og vekslar mellom å referera det som har skjedd sidan sist og å fortelja litt av bakgrunnshistoria. Dei dagsferske referata er oftast heller korte; dei andre kapitla kan vera noko meir omfattande.

Det er ei god bok, men det er òg ei trist bok. Strøksnes kjenner området og historia godt, og får fram korleis Israel i fleire tiår har oppført seg som om dei sjølve lagar alle reglane. Dei framstiller seg sjølve som offer, samstundes som dei fører ein aggressiv politikk. Dei har hatt mange blodtyrste politikar, men verst av alle er Netanyahu. 

Boka gjorde meg klokare, men eg vert òg litt motlaus: Det er vanskeleg å sjå korleis konflikten kan løysast.

Guffen tilrår. 

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)

26. november 2024

Egon Holstad: Norge sett fra Nord (2024)

Egon Holstad er ein kar det er stas å høyra på. Eg har aldri møtt han, men eg har høyrt og sett han snakka på radio eller fjernsyn, og det er jamt over vellukka. Han formulerer seg godt, han har sterke og gode meiningar, og han har god sans for humor.

Han skriv òg mykje, og i denne boka har han samla mange av artiklane og kommentarane sine. Det er eit sakn at han ikkje skriv kvar og når dei har stått på trykk, men det er omtrent den einaste innvendinga eg har. Han har budd heile livet sitt nord for polarsirkelen, og er i dag busett i Tromsø. Fleire av artiklane handlar om tilhøva i Nord-Noreg, og han er òg ofte innom kva haldningar søringar har til den nordlegaste landsdelen. Holstad viser overtydande korleis der er store manglar i det biletet. 

Han kan òg klaga på samfunnsendringar, som at Posten ikkje lenger finst, eller at det sjølvforklarande namnet Noregs Statsbanar er erstatta med det meiningslause Vy. Han skriv godt om korleis samane har vore handsama av kvitingane frå sør. Og det kjem òg ein varm, varm tekst om jordmødrer han har møtt, jordmødrer som ikkje uventa er hakket tøffare enn kollegaene sine i sør.

Guffen tilrår.

24. november 2024

Ottar Grepstad og Sverre Tusvik (red.): Økland (2024)

Samtalebøker med forfattarar er oftast interessante. Det er ikkje alltid naudsynt å ha nær kjennskap til forfattarskapen til han som snakkar (mest) - i fjor las eg til dømes ei fin bok der Ingvar Ambjørnsen snakka om liv og verk. 

Denne boka gav meg ikkje like mykje. To tredelar av boka er ein lang samtale med Einar Økland. Denne delen er sett saman av ei rekkje samtalar Økland har hatt med dei to redaktørane, Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg. Her er mykje interessant - Økland snakkar om skriving, lesing, musikk, samling, osb. Han fortel mellom anna om slekt, om andre forfattarar, om forholdet til forlaget sitt, og om gledane ved å samla.

Det mest interessante er når han snakkar om litteratur. Eg har ikkje lese mykje av Økland, men det har eg heller ikkje av Ambjørnsen (sidan eg no likevel nemnde han). Det er velkjent at Økland er ein samlar, og at han samlar på mykje som ingen andre bryr seg om. Desse bolkane er ikkje like interessante. Eg slit òg litt med tonen til Økland, han verkar litt for oppteken av å visa kor spesiell han er, og kor spesielle samlingar han har. 

Guffen er lunken.  

20. november 2024

Ken Jennings: Because I said so! (2012)

Utgangspunktet er greitt: Jennings tek føre seg ulike ting foreldre seier til ungane sine, oftast for å korrigera dei eller unngå at dei skadar seg, og han prøver å finna ut om det er sant. Alle døma er (truleg) henta frå USA; mange av dei er kjende også i Noreg, som den om at det er livsfarleg å springa med ei saks i neven, eller den med å blåsa på eit sår for at det skal kjennast betre. Alle døma får ei gradering til slutt, mellom "heilt sant" eller "berre tull". (Spoiler: Det med saksa er nærmare "heilt sant"; det med blåsinga er nærmare "berre tull". Ja, det kjennest betre for den som har såret, men sidan pusten vår inneheld store mengder bakteriar, kan det gjera vondt verre.)

Det er ei heilt greit bok. Det vert litt mykje på ein gong, og kanskje hadde eg kost meg meir dersom eg hadde lese litt mindre porsjonar. Jennings er kunnskapsrik, han skriv underhaldande og godt, og han viser heile tida til kjeldene han bruker. Nokre av kjeldene er òg underhaldande i seg sjølv - det er mange rare ting forskarar får lov til å forska på.

Guffen tilrår.

11. november 2024

Guri Sørumgård Botheim: Høgfjellsmeldinga (2023)

Ragna Svae har fått jobb på Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Det viser seg at ho har hakket meir rabiate meiningar enn dei andre som jobbar der. Sjefen hennar bed ho skriva ein NOU-rapport om korleis villreinen har det på Dovrefjell, og konklusjonane hennar vert tekne dårleg mot av andre som bruker området. Ho foreslår mellom anna at berre fastbuande skal ha tilgang til nasjonalparken. Både det lokale reiselivet og Den Norske Turistforeining protesterer. 

Ho finn nokre allierte på Hjerkinn. Nokre bur der, nokre arbeider der. Men ho kjenner seg åleine, og etter kvart skjer det både eitt og hitt. Nokon installerer eit skjult kamera på kontoret hennar. Ho får besøk av to mystiske menn. Av og til minner det om Twin Peaks, andre gonger får me berre ei kjensle av ho innbiller seg ting. Heile tida vert ho dregen mellom Lars, kjærasten hennar i Trondheim, og Gaute, som ho var kjærast med for mange år sidan.

Det er ein glimrande roman, på fleire måtar. Ein ting er at han tek opp viktige og dagsaktuelle spørsmål, og han gjer det på ein måte som tydeleg plasserer sympatien på rett side. Ein annan ting er korleis det heile tida skjer noko nytt, korleis Botheim heile tida kjem med ørlite meir informasjon, slik at me gradvis lærer meir om både fortid og notid. 

Guffen tilrår. 

Meir Botheim på kulturguffebloggen
Sigrid S. Botheim og Guri S. Botheim: Ramstein Pensionat (2009)

10. november 2024

Jan Gradvall: Abba. Historien fra innsiden (2024)

Denne boka var ikkje heilt som eg tenkte meg. Det skuldast nok fyrst og fremst den ekstremt misvisande undertittelen på den norske utgåva - "historien fra innsiden". Boka er skriven av den svenske musikkjournalisten Jan Gradvall, og på svensk er tittelen "Vemod undercover. Boken om Abba". Det er altså ikkje ein rein biografi, det er i alle fall ikkje ein biografi frå innsida. 

Det handlar litt om historia til Abba, sjølvsagt, det er den raude tråden i boka. Men det handlar like mykje om heilt andre ting. Gradvall skriv mykje om det svenske musikklivet i 1960- og 1970-åra, og om korleis dei fire i Abba var gamle kjende frå danseband og poprockband. Alle var berømte i Sverige; Abba vart nesten som ei supergruppe. Han skriv òg mykje om folk rundt bandet - manager, studioteknikar, musikarar, osb. Dei fire bandmedlemmene får eigne kapittel, der Gradvall også skriv om livet før og etter Abba. Og han skriv altså sjølvsagt om musikken dei laga, men det er ikkje noko komplett gjennomgang av alt dei gjorde.

Det er ei heilt grei vinkling, og Gradvall fyller på med små og store anekdotar og fakta. 

Guffen tilrår. 

9. november 2024

Truman Capote: Other Voices, Other Rooms (1948)

Nja. Eg har ei rar kjensle av at eg såg filmatiseringa av denne romanen då eg budde i Bergen for lenge sidan, truleg i filmklubben. Viss det stemmer har det ikkje gjort stort inntrykk. Det var i alle fall ikkje mykje i boka eg kjende att. Eller - det kan henda at filmen hadde like lite å by på som boka, og at eg difor har fortrengt det meste.

For denne boka var vel ein nedtur. 13 år gamle Joel Knox har budd i New Orleans, men då mora døyr flyttar han ut på landet, til plantasjen der faren bur. Han har ikkje hatt kontakt med faren på lenge, og han både ser fram til og gruar seg til å møta han. På veg til plantasjen møter han fleire halvrare folk, og slik er det òg på sjølve plantasjen. Stemora. Ein eldre eks-slave. Barnebarnet til eks-slaven, som no er kokk på plantasjen. Syskenbarnet til stemora, ein homofil kunstnar som bur der. Nokre omtrent jamgamle jenter i nabolaget.

Her er nokre fine skildringar og vendingar, men det er ein roman utan noko større framdrift. Det vert òg altfor ordrikt og livlaust, og utover i romanen var det tungt å koma vidare. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

8. november 2024

Margreth Olin: Song til mor (2024)

Margreth Olin er fyrst og fremst filmskapar. Ho har laga mange finfine og rørande dokumentarfilmar, også om eiga slekt. I fjor kom filmen Fedrelandet, som fyrst og fremst handla om far hennar, og tilhøvet hans til Oldedalen i Nordfjord, der han vaks opp. For meg vart det litt i overkant med naturbilete der, det som verkeleg gjorde inntrykk var forholdet mellom far og mor.

Denne gongen er det ein roman, og denne gongen handlar det om mora. Det er ein roman, men svært mykje av stoffet ser ut til å vera henta frå eige liv. Eg-forteljaren er i alle fall filmskapar, og boka fortel om tida då ho laga film om faren (med mange tilbakeblikk). Her får mora meir plass, og me les om eit uvanleg tett mor/dotter-forhold. Dottera vil noko anna enn alle andre, ho vil leva eit liv i kunstfeltet, og mora bakkar ho så til dei grader opp. Mora fortel at ho sjølv tenkte seg eit skrivande liv då ho var ung, men slik gjekk det ikkje. Delar av boka minner altså litt om Odelsskam, som eg las for nokre dagar sidan.

Det er ei uvanleg velskriven bok. Språket er levande og variert, og me kjem tett og godt på dei to. Eit gjennomgåande bilete er lyset, me møter det alt i opningskapitlet, der dottera les opp dei to fyrste orda ho har skrive ("lamma lyser"), og dette skinet vert med oss heile vegen. Også heilt til dei siste, ubegripeleg rørande og triste kapitla.

Guffen tilrår. 

Meir Olin på kulturguffebloggen
Fedrelandet (2023)

5. november 2024

Maria Lavik: Odelsskam (2024)

I denne boka fortel Maria Lavik om korleis det har vore å vera odelsjente utan lyst til å ta over garden. Det er noko eg kan kjenna meg godt igjen i. Eg er nummer to av ungane, men det vart rimeleg tidleg at eldstemann ikkje skulle driva gard. Eg trur eg kjende på eit press ei stund, men var vel òg tidleg klar over at eg ikkje skulle verta bonde. Likevel sit eg her i dag, som grunneigar, om ikkje anna. Jorda er vekkpakta, og det er eg glad for. Eg ser verdien av å bu på ein gard som har vore i slekta i snart 200 år.

Lavik hadde liknande tankar, men såg tidleg at det var anna ho heller ville. Ho kjenner både garden og slekta si godt, og fortel mykje om mange av dei som har budd på og drive garden. Garden ligg i Eksingedalen, forresten, og det gjorde det nok vanskelegare for Lavik å ta over. Ho visste tidleg at ho ville leva av å skriva, og det var langt lettare viss ho budde i noko meir tettbygde strok. I dag bur i Oslo, og ut frå boka ser det ut til at ho vert verande der.

Det er ei personleg bok, men det er mykje meir. Ho fortel om endringar i landbruket, til dømes om kor mange gardsbruk som vert lagde ned kvart år. Men ho fortel òg om endringar i haldningar - ho kvir seg til å fortelja foreldra om at ho ikkje skal ta over garden, men dei er meir opptekne av at ho skal gjera det ho har lyst til, og det som ho er best til. Ei fin bok.

Guffen tilrår. 

4. november 2024

William og Jim Reid: Never Understood (2024)

Eg fekk aldri heilt taket på The Jesus and Mary Chain. Eg høyrde litt på debut-plata deira, eg kjøpte den andre plata, og eg kjenner meg rimeleg trygg på at eg såg dei på Hultsfred-festivalen i Sverige i 1987. Det vart aldri meir enn heilt greitt. Det som derimot alltid var stas, var å lesa intervju med dei to brørne i gruppa. Dei var fritalande, og dei hadde god nok humor til å koma med humoristiske svar. 

Denne boka, som dei har skrive saman med Ben Thompson, er tidvis like underhaldande. Det er oral history, gjennom heile boka vekslar Jim og William Reid på å snakka. (Det er nærliggjande å tru at rolla til Thompson har vore å intervjua dei, og å setja saman intervjua etterpå.) Dei fortel om oppveksten i Glasgow og i nabobyen East Kilbride, der dei budde lengst. Dei fortel om famlande forsøk i London, før dei brått får eit gjennombrot. Dei fortel om kranglar med plateselskap. Dei fortel om eit uvanleg høgt inntak av alkohol og dop. Og dei fortel om kranglar seg i mellom.

Det er ein finfin historie. Dei passa ikkje inn i East Kilbride, dels av di dei tidleg slutta på skulen utan interesse av å gå i lære eller ha arbeid. Dei ville verta rockemusikarar, og greidde det, på eit vis. Mot slutten av boka er dei ganske bitre, dei meiner at bandet deira var ein forløpar både til grunge og britpop, utan at dei fekk æra av det. Men til og med når dei er bitre er dei løgne.

Guffen tilrår. 

2. november 2024

UXA, sesong 3 (2024)

Den tredje (og visstnok siste) sesongen av UXA minner om dei to fyrste. Thomas Seltzer reiser rundt i USA, der han oppsøkjer personar og miljø som spelar eit stykke frå midtstreken. Det er både lystig og trist: Seltzer er ein god og lun programleiar, som oftast ser det komiske i det han møter. Samstundes er det eit djupt alvor i det han fortel om. Det handlar om det fyrste heimlandet hans, og av og til handlar det om slekta hans: Episoden der han vitjar syskenbarnet sitt, Kim, og veit at det er siste gongen han ser ho i live, er rørande.

I minst ein av dei to fyrste sesongane handla det mykje om den amerikanske draumen. Det er trist å sjå korleis den ikkje er så lett å realisera, noko som òg kan illustrerast ved eit møte mellom Seltzer og slekta. I ein tidlegare sesong møtte me Bubba, som vel er barnebarnet til Kim. Då gjekk han på high school og drøymde om å studera ved MIT i Boston. Karakterane hans var ikkje gode nok til at han fekk stipend, slik at no arbeider han ved Taco Bell. Han bur saman med kjærasten, som er gravid, og som har ein unge frå før. Dei er begge tidleg i 20-åra, og sjølv om han framleis drøymer om MIT, slit eg med å sjå at det er den vegen det går.

Der det tidlegare handla om den amerikanske draumen, er håp eit stikkord i denne sesongen. Finst det eit håp for dette skakkøyrte landet? Det gjer det jo alltid, men det er lett å missa motet av ein serie som dette. Det er eit stort klasseskilje i USA, og for dei nedste klassane er det vanskeleg å klatra. Valet om nokre dagar vil ha mykje å seia, men det er jo fare for at det vert bråk uansett.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)