25. september 2016

Close Encounters of the Third Kind (1977)

I 1988 var eg på langtur i USA. Eg la mellom anna vegen innom Devil's Tower, ein bergformasjon som reiser seg rett opp frå prærien i Wyoming. På informasjonsskilta der stod det at sluttscena i Close Encounters ... var lagt til Devil's Tower. Det var nytt for meg då, og seier truleg noko om kor stort inntrykk filmen gjorde på meg då eg såg han om lag ti år tidlegare.

Inntrykket vart ikkje spesielt sterkare no, då eg såg filmen igjen. Historia er relativt enkel. Det kjem hyppige meldingar om at folk har sett UFO-ar over den amerikanske midtvesten, og ein liten gut er blant dei menneska som vert kidnappa av UFO-ar. Ein luring finn ut at UFO-ane samlar seg kring Devil's Tower. Der greier jordbuarane å etablera musikalsk kontakt med romvesena, som slepper fri ei enorm folkemengd, mellom anna han guten, og nokre flygarar alle rekna med at forsvann i andre verdskrigen. Hovudpersonen vil finna ut kva som skjer inne i UFO-en, og går friviljug inn i fartøyet deira for å verta med på ei rundreise i verdsrommet.

Det er enkelt, det er utan humor, det er snilt og ufarleg, og det er heller kjedeleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar