2. september 2012

Modig (2012)

Animasjonen i animasjonsfilmar vert betre og betre. Her er det aldeles glimrande, ting ser ekte ut og vel så det. Spesielt på lyssida er framgangen tydeleg, lyset ser ut som det skal, både på dagtid, nattetid, og ikkje minst i skodde. Og det er kanskje grunnen til at dette 3D-peset irriterer så mykje. På Voss går denne filmen berre i 3D, og det er komplett uråd å sjå kvifor. I heile filmen er det knapt ein einaste 3D-effekt som gjer inntrykk. Det er nesten som om ein lengtar etter å sjå filmen på DVD seinare.

Og det kjem sikkert til å skje. Både Ivar og Aslak likte det dei såg; det fyrste Ivar sa etter filmen var (som vanleg) at denne må me kjøpa på DVD. Hovudpersonen er prinsessa Merida, som skal giftast vekk til ein prins frå ein av dei tre andre skotske klanane. Ho vil ikkje gifta seg, i staden for å vera ei passiv kone vil ho vera aktiv - det ho likar best er å ri fort gjennom skogen, samstundes som ho skyt med pil og boge på blinkar ho har sett ut. Ho stikk av frå seremonien der ein av dei tre friarane skal få ho, slumpar til å treffa ei heks, og får hjelp frå heksa til å justera ned gifteambisjonane mora har. Det går ikkje heilt etter planen, sjølvsagt, og det heile utviklar seg til ei eventyrliknande historie.

Den historia er godt fortalt, og det heile går føre seg i eit flott landskap og i ei fin og fantasirik borg. Det går sjølvsagt an å tippa mykje av det som skjer i historia, men der er òg nok av uventa vendingar. Og det er flott at filmen har ei jente i hovudrolla; det skjer ikkje altfor ofte.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar