3. september 2012

Sara Johnsen: Han vet om noe hun kan prøve (2004)

 
Fretex på Voss har rett som det er mykje godt i bokhyllene sine. Nyleg må dei ha fått inn ei stor sending frå eit bibliotek i nabolaget, som har rydda i hyllene sine og fjerna ei stor mengd med bøker ingen ville låna. For oss som ikkje er så nøgne på om der er eitt eller fleire bibliotekstempel i bøkene våre er dette godt nytt. Denne boka er ei av bøkene eg plukka med meg for ei god veke sidan; fleire andre relativt nye bøker ligg og ventar inne i stova.

Eg hadde ikkje fått med meg at Sara Johnsen skriv bøker, i tillegg til å vera filmregissør. Dette er ei flott bok. I boka er det rundt tjue korte forteljingar, som samla gjev eit bilete av ein ikkje altfor harmonisk oppvekst. Eg-personen, Amalie (som oftast vert kalla Po), er ei jente som ikkje har det så bra. Faren er død, og ho har problem med fleire av lærarane på skulen. Saman med dei to venene Kai og Henrik finn ho på ein del ting ho kanskje ikkje burde. Forteljingane hoppar i tid, gjennom boka ser dei ut til å vera sånn mellom ti og fjorten-femten år.

Det er ein oppvekst med vald, mobbing, incest, pubertetsproblem og usikkerheit. I fleire av historiene anar ein at snart skjer det noko ekkelt. Av og til gjer det det, andre gonger bles det forbi, men det skapar ei særeiga stemning gjennom det meste av boka. Den einaste personen Amalie stolar heilt og fullt på er mora, men også det endrar seg mot slutten av boka. Framtida hennar ser ikkje akkurat lys ut då boka sluttar.

Guffen tilrår.

Filmar av Johnsen på kulturguffebloggen
Vinterkyss (2005)
Upperdog (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar