31. mai 2012

Patricia Bosworth: Montgomery Clift (1978)

Montgomery Clift var ein fin skodespelar, som diverre ikkje fekk spelt i så mange filmar. Det var fleire grunnar til det, og to av dei vert nemnde i songen "The Right Profile" frå London Calling: "Monty's face is broken at the wheel", og "Nembutal numbs it all / but I prefer alcohol". Joe Strummer skreiv teksten til "The Right Profile" etter å ha lese denne biografien, og det er difor ikkje så uventa at det han skriv om stemmer. Clift hadde eit stort forbruk av rusmiddel - då han bygde om badet i leilegheita si fekk han bygd eit fire meter langt medisinskåp. Og han fekk det velskapte andletet sitt øydelagd i ei bilulukke. Spesielt venstre sida av andletet vart herpa, slik at når han vart filma i profil i dei seinare filmane hans, var det oftast den høgre profilen som vart filma.

Han hadde eit uvanleg liv. Mora var fødd utanfor ekteskap. Ho hadde ingen kontakt med far sin, men fekk høyra at han kom frå ei slekt i den amerikanske overklassen. Ho var desperat etter å koma inn i overklassen sjølv, og for at dei tre ungane hennar skulle få nok danning til å ikkje drita seg ut når dei, viss alt gjekk etter planen hennar, ein gong møtte slekta si, fekk dei aldri vanleg skulegang. Ho tok dei i staden med på lange daningsreiser i Europa, der dei lærde fleire språk, og der dei såg og las det som var verdt å sjå og lesa. Kontakt med slekta fekk dei likevel aldri.

Montgomery Clift hadde altså eit stilreint fjes. Han vart fotomodell alt tidleg i tenåra, og prøvde seg med hell som skodespelar på teater. Han var god, han gjekk langt inn i rollene sine, og han brukte gjerne tid og krefter på å endra manus. Han budde for det meste i New York, han ville skapa kunst som varde lenge, og var ikkje så begeistra for filmane frå Hollywood. Likevel var det der han verkeleg slo gjennom, og var i nokre år ein av dei aller, aller mest ettertrakta skodespelarane. Han fekk det som han ville, der andre skodespelarar bandt seg til eitt og same filmstudio i fem eller ti filmar, var han så ettertrakta at han stort sett bandt seg for ein og ein film. Han spelte mot mange av dei store skodespelarane, vart nominert til Oscar fire gonger, men vann aldri den prisen.

Alt før bilulukka hadde han fått eit rykte for å vera vanskeleg. Han fekk likevel tilbod om å vera med i filmar også etter ulukka, men etter at han fekk skulda for at filmen Freud i 1962 gjekk langt over budsjettet, ville ingen av dei store studioa bruka han meir. Då vart det endå meir drikk og dop, det var kvinner og menn, og han oppførde seg merkelegare og merkelegare. Heilt til han døydde i 1966, 46 år gamal.

Det er ei historie med mange interessante vendingar. Bosworth ser ut til å ha gjort ein god jobb, ho har snakka med ei rekkje folk, og gjev gode innblikk i filmane Clift var med i. Spesielt godt skriv ho ikkje, og det er òg unødvendig å koma med så mange referansar til dei seksuelle preferansane hans (og det er unødvendig å ta med rykte om korleis dei meir private kroppsdelane hans såg ut), men alt i alt var dette verdt bryet.

Guffen tilrår.

Filmar med Montgomery Clift på kulturguffebloggen:
Red River (1948)
From Here to Eternity (1953)
Misfits (1961)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar