Jack Nicholson er ein solid skodespelar, som i nokre tilfelle ber heile filmen åleine. Her er mykje godt skodespel i denne filmen, men Nicholson, som er med i omtrent kvar einaste scene, er igjen den beste. Han spelar privatdetektiven Jake Gittes, ein figur det er svært vanskeleg å lika. Han spesialiserer seg i saker der ein ektefelle mistenkjer at den andre held på med noko utanomekteskapleg, og butikken går bra, heilt til han vert lurt av ei som gjev seg ut for å vera kona til Hollis Mulwray, sjef for vassdepartementet i Los Angeles. Han tek Mulwray på fersken, bileta vert trykte i ei avis, og seinare same dag kjem den verkelege kona til Mulwray (Faye Dunaway) til kontoret hans for å fortelja at ho tek ut søksmål mot Gittes.
Deretter går historia roleg, kanskje litt for roleg, framover. Ho vert fortalt på ein eksemplarisk måte, der me gradvis skjønar meir og meir av kva som har skjedd. Gittes har det på same måten, sjølvsagt, og han ligg heile tida eit lite hakk før dei gamle kollegaene hans i politiet. Det som tidleg i filmen verkar som ei utruskapshistorie utviklar seg til ei historie om (mykje) pengar, falske identitetar, incest, korrupsjon, hat og mord. Ein fin film.
Guffen tilrår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar