11. august 2025

Untamed, sesong 1 (2025)

 Dette var rimeleg spontant. Eg kjende ikkje til serien, men han vart presentert som ein serie der handlinga er lagt til den amerikanske nasjonalparken Yosemite. Det held i massevis for meg - eg trur eg kunne sett ein serie der me berre såg naturbilete frå Yosemite. Naturen er fabelaktig, og kjem til sin rett i serien. 

Så er vel handlinga sånn grei òg. Spaningskurva når rett nok toppen litt for tidleg, og alle personane er ikkje like godt teikna. Det verkar òg som om forfattarane har tenkt at absolutt alle som er med må ha noko myrkt i framtida si. Det myrke er som regel knytt til små born, vanskelege foreldre eller valdelege partnarar. Og det vert svært ofte snakka om kor viktig det er å halda familien saman. 

Kyle Turner er hovudetterforskar i det som såg ut som ei ulukke, men som godt kan vera eit mord. Naya Vasquez vert assistenten hans, og samspelet mellom dei to er svært godt. Han er den alvorlege surdeigen som veit alt, medan ho prøver å letta litt på stemninga. Dei finn spor, både gjennom godt politiarbeid og gjennom rein flaks, og etter kvart viser det seg at dei mange lause trådane passar godt saman.

Guffen tilrår. 

10. august 2025

Olav Duun: Marjane (1908)

Dette var den andre boka Olav Duun fekk gjeve ut, men det skal ha vore den fyrste boka han skreiv. Det er ei solid bok, som til liks med debutboka viser at Duun held eit høgt nivå heile vegen.

Me fylgjer Helge gjennom livet. Han er djupt forelska i ei jente i nabolaget, Marjane, men det vert aldri dei to. Ho kjem frå eit langt høgare samfunnslag, og ho har òg eit godt auge til Andreas. I alle fall trur Helge det - me ser alt gjennom han, og det skal ikkje mykje til før han trur at Marjane ikkje vil han. Me som les boka er ikkje like overtydd, det kjem små drypp og hint om at ho likar han godt. Helge er mykje vekke på fiske. Når han kjem tilbake tek det same seg opp att. Siste gongen han er heime ser han at det har vore gravferd på ein nabogard, og det tek lang tid før han skjønar at Marjane er død.

Det er altså ei solid bok. Duun er ein forteljar, men han vil òg at forteljingane skal krinsa rundt alvorlege spørsmål. Her handlar det altså om tvil og tru i kjærleikslivet, og om korleis også landsbygda kan skapa sosiale barrierar det ikkje er lett å koma over.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

9. august 2025

Knut Hamsun: Bjørger (1878)

Av og til får eg for meg at eg skal lesa meg gjennom heile forfattarskapar. I juli gjekk eg i gang med både Knut Hamsun og Olav Duun. Begge var av dei store forfattarane i si tid - Hamsun fekk nobelprisen i 1920; Duun mangla ei røyst seks-sju år seinare. 

Eg les gjerne fleire bøker samstundes. Tilfellet ville at eg las andreboka til Duun parallelt med denne, som er andreboka til Hamsun. Dei to bøkene kan minna om kvarandre, begge handlar om ein gut som ikkje får ho han vil ha, og begge bøkene går føre seg ein stad på landsbygda. Men det er påfallande kor stor skilnad det er i skriving og oppbygging. Duun verkar stø og sikker; Hamsun famlar seg fram.

Opninga på boka er melodramatisk og vel så det: Etter nokre sider er Bjørger (og broren Tore) foreldrelause. Bjørger har eit uvanleg godt hovud, og han brukar det godt. Ofte, kanskje for ofte, tek han seg til skallen, og like ofte er det nokon som kommenterer eller merkar seg skallen hans. Det store hovudet vert nok nemnt for å visa at denne unge mannen er uvanleg gåverik, men det minner òg om frenologiske tankar. Eg funderte fleire gonger på om Bjørger er meint som eit sjølvportrett; i boka vert fleire av dikta hans trykte, og dette kan (kanskje) vera dikt Hamsun skreiv sjølv, tidlegare i livet?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

6. august 2025

Peer Gynt (Gålå, 4.8.2025)

Peer Gynt er kanskje det einaste teaterstykket alle nordmenn har høyrt om. Sidan slutten av 1980-åra har det kvart år vore framført på Gålå i Gudbrandsdalen. Det var ei flott scene, men det er jo ein bakdel med uteframsyningar: Vêret kan leggja ein dempar på litt av kvart. Slik var det her - fram til pausen var det regnbyger; etter pausen regna det konstant. Det var ikkje berre me som var våte og litt kalde.

Me sat på bakarste benk, med lang avstand til scena. Lyden var god, slik at me meir høyrde enn såg skodespelet. I alle fall stort sett - i av dei siste scenene, der presten (Bjørn Sundkvist) held ein minnetale om den rake motsetnaden til Peer Gynt, var lyden altfor låg.

Han som var gravlagt var viljug til å ofra noko for det han stod for, ein som var seg sjølv. Slik er det ikkje med Peer. Han tek jamleg den kortaste og enklaste vegen. Den andre økta av stykket er lang, og dei hadde nok kutta noko her, men heldigvis var denne gravferdsscena med. Ho er viktig for å forstå kva Ibsen vil med stykket og portrettet av Peer.

Scenografien var finfin, der det som såg ut som ein vanleg grasbakke viste seg å ha ein del løyndomar. Det er òg flott korleis det vert mørkare og mørkare rundt scena, og korleis dei også brukte vatnet som scena grensa til.

Guffen tilrår. 

28. juli 2025

Charles Chaplin: My Autobiography (1964)

Charles Chaplin var ein av dei aller, aller største komikarane, og fleire av filmane hans er klassikarar. Denne boka er ei solid rags to riches-historie, der han går frå eit liv i ekstrem fattigdom i London til eit liv i ekstrem velstand i Hollywood. 

Oppvekstskildringane og kapitla som handlar om kampen hans for å verta skodespelar er gode. Han skriv godt, noko han arbeidde hardt for: Han hadde nesten ikkje skulegang, men brukte mykje tid på å læra seg nye ord og godt språk etter at han vart vaksen. Han vert sendt på to turnear til USA, og på den andre knyter han kontaktar inn i filmverda. Resten er historie, som det heiter. Men her skiftar òg boka karakter. No skriv han langt mindre om seg sjølv om arbeidet sitt, og langt meir om alle kjendisane han møter og alle pengane han tener. Det er, for å seia det forsiktig, ikkje så interessant.

Men midt inne i all denne namedroppinga tek boka seg opp att. Han vert beden om å snakka på nokre politiske arrangement, og trass i velstanden sin er han ein tydeleg sosialist. Som i dag, var det jamgodt med at amerikanarane trudde han var kommunist. Han vart frosen ut av eitt og hitt, og tok med seg den fjerde kona si til Sveits, der han budde resten av livet. Han skriv ikkje mykje om dei tre fyrste, men i alle fall: Dei fire gongene han gifta seg var konene høvesvis 17, 16, 26 og 18. Sjølv var han 19, 35, 47 og 54. Hm. 

Guffen tilrår.

26. juli 2025

Knut Hamsun: Den Gaadefulde (1877)

Dette er debuten til Knut Hamsun. For litt sidan las eg debuten til Olav Duun, og det er nesten rart å jamføra dei to: Skilnaden er enorm. Der boka til Duun vitna om at noko stort var i emning, er dette så dårleg og klisjefylt at det er uråd å sjå det minste spor av at Hamsun skulle verta ein viktig person i norsk litteratur.

Me kan jo byrja med tittelen: Han må peika fram mot at husmannssonen i boka, Rolf Andersen, eigentleg er høgt utdanna og at han og faren på sett og vis har gått i dekning. Men likevel - både Andersen og dei andre personane i boka er så uinteressante at ikkje ein einaste lesar vil tenkja at dette var verkeleg gåtefullt.

Me er i Nordland. Storbonden Ole Aa har ei attraktiv dotter, Rønnaug, som forelskar seg i Rolf Andersen. Ho får fyrst "nei" til dette forholdet heime, før ho altså får "ja" når far hennar finn ut at Andersen er noko anna enn det han gjev seg ut for.

Det er livlaust, det er klisjefylt, og replikkane er så dårlege at det heile minner om ein parodi. Det er ikkje rart at Hamsun ikkje ville ha denne boka med då forlaget seinare gav ut dei samla verka hans.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

24. juli 2025

Annie Ernaux: Jeg er fortsatt her inne i mørket (1996)

Ei fin lita bok. Mor til Ernaux vart dement og budde den siste tida på ein institusjon. Ernaux tok korte notat gjennom heile perioden. Mange år seinare tok ho fram igjen desse notata, og såg at det var godt skrive. I eit føreord skriv ho at gjev det ut utan å gjera endringar, og det er nesten utruleg: Boka er så full av gode refleksjonar og så presis og komprimert at det verkar som teksten er redigert.

Når ho vitjar mora tenkjer ho ofte tilbake på korleis dei to har kjent kvarandre. Har dei kome kvarandre nær nok? Har dei kome kvarandre for nær? Ho fortel om alt ho får sett, både av pinleg intime situasjonar og av eldre folk som er like hjelpetrengande som småbarn. Utetter i boka innser Ernaux at ho og mora har bytt plass - der mora ein gong tok seg av ho, er det no Ernaux som tek seg av mora.

Det er mykje kjensle i det ho skriv, men samstundes held ho avstand til det som skjer. Kanskje det berre er når ho skriv; kanskje det er slik heile tida. 

Guffen tilrår.

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Hendelsen (2000)
Årene (2008)
Sommeren 58 (2016)
Far. En kvinne (2021)