18. august 2019

Once Upon a Time in Hollywood (2019)

Handlinga i denne filmen er lagt til Los Angeles, 1969. Nye tider er i emning. Det merkar òg skodespelaren Rick Dalton (Leonardo DiCaprio), som ikkje får like store roller som før. Han gjer sitt beste, men bruker mykje tid på klaging og drikking saman med den faste stuntmannen sin, Cliff Booth (Brad Pitt). Dalton bur øvst i Celio Drive, og dei nærmaste naboane er Roman Polanski og Sharon Tate. Undervegs i filmen tek Booth på ein haikar, ei jente som bur på Spahn Ranch saman med dei andre i Manson-familien. Filmen sluttar med at tre Manson-disiplar legg vegen til eit hus i Celio Drive for å drepa alle som bur der.

Det heile er altså laust inspirert av verkelege hendingar, men denne gongen verkar det ikkje som om Tarantino fyrst og fremst vil fortelja ei historie. Filmen er ei hylling til Hollywood, og kulissar og scenografi er glitrande. Det er òg skodespelet, spesielt Pitt strålar. Dalton tenkjer ofte tilbake på filmar og seriar han har gjort før, og desse filmglimta er òg flotte - det same gjeld scenene der han har ein rolle i ein ny film.

Andre Tarantino-filmar har gjerne meir nerve enn denne. Det er eit drag av uhygge ved det heile når Booth vitjar Spahn Ranch, og den siste halvtimen er òg langt meir brutal enn resten, men elles er det meir enn film å smila av. Dei heilt store replikkane kjem dei siste fem minutta, då filmen får ei happy Hollywood-ending. Det er enormt stilreint, visuelt er filmen så godt som feilfri, og skodespelet til Pitt og dei andre er frå øvste hylle.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

1 kommentar:

  1. Jeg har aldri vært spesielt glad i filmene til Tarantino, men denne filmen skal definitivt sees. På kino!

    SvarSlett