1. september 2019

Toy Story 4 (2019)

Toy Story er ikkje heilt som andre film-seriar. Det går mange år mellom kvar film, og det er vanlegvis eit godt teikn: Det viser at dei har brukt tid, både på historie og animasjon. Dette var veldig tydeleg då Toy Story tre kom ut, elleve år etter nummer to. Toy Story tre er truleg den beste så langt, slik at forventningane til denne filmen var høge. Merkeleg nok var kinosalen nesten heilt tom - kanskje det skuldast at denne førpremieren ikkje var marknadsført i det heile.

Sist film slutta med at Andy reiste til universitetet, og det siste han gjorde var å gje alle leikene til Bonnie. I denne filmen byrjar ho på skulen, og den fyrste skuledagen lagar ho ei leike av ein plastgaffel. Store delar av filmen handlar om å redda han. Det er to store problem knytt til dette: Gaffelen er ikkje spesielt sjarmerande, slik at det ikkje vert så viktig for oss i salen om han vert redda. Det andre problemet er større: Det heile vert ein variant av det me har sett i dei tre føregåande filmane. Leiker skal reddast, gjerne frå andre og meir vondsinna leiker.

Woody og Buzz er to minneverdige karakterar, og det er berre kjekt å sjå dei att. Filmen gjer derimot altfor lite ut av dei mange andre leikene til Andy. I staden møter me fleire nye - nokre av desse er gode, andre er lette å gløyma. Det hjelper på at ei gamal leike dukkar opp, men det hjelper ikkje nok.

Guffen er lunken.

Meir Toy Story på kulturguffebloggen
Toy Story 3 (2010)

1 kommentar: