11. september 2019

Arnfinn Kolerud: Langt frå bambus (1999)

Dette var den fyrste romanen til Kolerud. Her er nok av ting som peikar framover mot dei seinare bøkene hans, men her er òg ting som ikkje gjer det. Hovudpersonen (eller hovudtreet) i boka er ei gran, og alt som skjer vert fortalt gjennom det treet.

Me følgjer treet frå barndom til alderdom. Det stiller spørsmål ved alt, og veit ingenting sikkert om det det ikkje kan sjå. Det undrar seg over dyr som går forbi, både tamme og ville. Det undrar seg over folk som går forbi, både gamle og unge. Det undrar seg over korleis dei andre plantane har si eiga rangering, der store tre er kloke og små soppar ikkje er det.

Eit gjennomgåande trekk er leiken med ord. Plantane drøftar kva ord tyder. Eitt av tre verserer, det snakkar altså på rim heile tida. Alle trea har namn, og det er òg det store målet for ein sopp som veks langt der nede, og han gler seg stort over at han endeleg får eit.

Det er ikkje alt i boka som er like bra. Eg likar meg best når Kolerud let trea leika med ord. Her stiller nokre av trea spørsmål som like gjerne kunne vore stilt av små ungar. Eit høgdepunkt i så måte er når dei prøver å finna ut kvifor hankjønnsord vert hankjønn, osb. Eller når hovudtreet prøver å finna ut samanhengen mellom orda menneske og eske. Kanskje ordet menneske opphavleg tydde menneske med eske? Treet kjem fram til at det ikkje treng å vera nokon samanheng - plommer har jo ikkje lommer, og pinner heitte jo ikkje pinner av di dei var mykje inne. Dei er jo stort sett ute, så då burde dei heitt pute i staden.

Guffen tilrår.

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Zommarferien (2007)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)
Gamle menn i syningom (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar