8. september 2019

Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)

Det kan godt henda at verda ikkje treng fleire biografiar om Kurt Cobain. Eg har lese to frå før. Begge er gode, og historia om det korte livet til Cobain er òg kjend frå artiklar og filmar. Så det kan henda at behovet for fleire biografiar ikkje er så stort.

Denne boka var likevel heilt grei, kanskje mest av di det er like mykje ei minnebok som ein biografi. Dei viktigaste hendingane i det vaksne livet til Cobain er med, men det som gjer boka annleis er at Goldberg var nært knytt til Cobain. Han var manager for Nirvana frå tidleg i 1991. Sjølv om han frå 1992 arbeidde for eit anna plateselskap enn Geffen, som gav ut platene til Nirvana, heldt han fram som rådgjevar for bandet. Han var ein av dei få som Cobain lytta til, og det er boka kjem med noko nytt. Det var mange kontroversar dei få åra Cobain var superstjerne, og Goldberg skriv om korleis dei prøver å tona desse ned, eller prøver å bruka dei til bandet sin fordel.

Det er ei bok det går fort å lesa. Dei som vil ha den fulle historia om bandet bør nok gå til ein av dei andre biografiane, men dette var ei utfyllande bok. Av og til vert det slik at Goldberg vert for oppteken av å visa kor nært forhold han hadde til Cobain, men stort sett greier han å unngå dette.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar