23. september 2019

Einar (2019)

Einar Gerhardsen hadde eit langt og innhaldsrikt liv. Han døydde i 1987, 90 år gamal. Han vaks opp i Oslo, slo seg saman med kommunistane, og reiste til Moskva for å høyra Lenin tala. Han vart med i Arbeidarpartiet, og vart ordførar i Oslo. I 1942 vart han send til konsentrasjonsleir i Tyskland. Etter krigen viste han seg som ein dyktig politikar, manøvrerte seg sjølv inn i leiinga i AP, og sat som statsminster i 17 år, fordelt på tre periodar. Siste gong han gjekk av var i 1965, og deretter var han så til dei grader ein grand old man i AP.

Det skulle altså vera nok av å ta av for å laga ein god serie om livet hans. Her er då òg mykje godt, og for ein som meg, som ikkje har altfor god kjennskap til livet til Gerhardsen, var her mykje nytt. Erling Borgen har brukt gamle opptak, han bruker sjølvbiografien til Gerhardsen flittig, og har òg snakka med både familie og andre. Me får eit greitt bilete av livet hans, men eg skulle gjerne hatt meir. Mot slutten vert til dømes oppgjeret mellom Gerhardsen og Haakon Lie nemnt, der anten Lie skulle knusa Gerhardsen som ei lus, eller Gerhardsen spurte om Lie ville knusa han som ei lus. Det vert ikkje følgt opp i det heile - Borgen burde ha teke med noko om korleis tilhøvet mellom dei to var i etterkant. Og eg har ei kjensle av at Gerhardsen var sentral i oppbygginga av velferdsstaten - det burde vel òg Borgen fått betre fram.

Så serien er bra, men han hadde nok vorte betre om dei hadde laga ein episode eller to til.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar