16. september 2019

Bjørn Jarle Sørheim-Queseth: Ensom som Elvis (2017)

I 1997 vart ein dokumentar om Kjell Henning Bjørnestad, ein Elvis-imitator frå Sørlandet, vist på NRK. Det var ein litt rar dokumentar, det var både trist og morosamt å sjå korleis han tok plastiske operasjonar for å verta mest mogeleg lik Elvis. Han likna meir og meir, og hadde òg ei akseptabel songrøyst.

Denne boka fortel historia om Bjørnestad, som gjerne går under namnet Kjell Elvis. Det er ein autorisert biografi, med alt det det fører med seg. Bjørnestad ser ein Elvis-film på fjernsyn, og vert gradvis meir og meir oppteken av Elvis. Han kjem frå ein musikalsk og musikkglad familie, og er scenevan då han i militæret for fyrste gong opptrer som Elvis. Han gjer det etter kvart til eit levebrød, og tek del i fleire tevlingar for Elvis-imitatorar, både i Europa og USA. Han vinn fleire i Europa, men kjem aldri heilt til topps i USA.

Boka er litt for grundig og omstendeleg. Det kuriøse med Kjell Elvis vert tona ned, og Sørheim-Queseth presenterer ein seriøs kunstnar. Alt han tek i vert ikkje til gull, og boka er veikast når ho presenterer nedturane. Bjørnestad tapte store summar på å arrangera Elvis-festivalar, og her er det opplagt at forfattaren burde køyrd Bjørnestad hardare. Kva i alle dagar tenkte han på? Og kvifor snakka han om artistar som ikkje skulle koma, når han marknadsførte festivalane? Og kvifor skriv ikkje Sørheim-Queseth rett ut kor idiotisk det er at Bjørnestad, ti dagar før ein av festivalane, reiser til USA for å overtala Priscilla Presley til å ta turen til festivalen? Han får ikkje ein gong snakka med ho der borte.

Så det var ikkje altfor mykje å skryta av, dette. Boka har diverre òg ein litt amatørmessig framtoning, med svake gråtonar på alle sider med tekst, og med altfor mange skrivefeil.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar