7. september 2019

Jens Kihl: Dette er også Noreg (2019)

Jens Kihl er ein av fleire gode kommentatorar i Bergens Tidende, og her viser han at han òg er god i litt større format. Han har vore i alle kommunane i Noreg, og i denne boka skriv han om nokre av stadene og personane han møtte på desse reisene. (Sjølv om han skriv godt, er eg eigentleg glad for at boka ikkje inneheld referat frå alle kommunane han vitja.)

Utgangspunktet er kommunereforma Jan Tore Sanner drog i gang. Korleis såg folk på dette kring i landet? I boka stoppar Kihl i åtte kommunar, frå Oslo i sør til dei to nabokommunane Hasvik og Loppa i nord. Nokre av dei han snakkar med er politikarar, andre er noko heilt anna. Dei får koma med sine syn; Kihl kjem med sine, både i samtalar og i resten av teksten. Han vert påverka av det han ser og høyrer, og endrar syn på kommunereforma undervegs. Før turen var han motstandar, no ser han poenget litt betre.

Kihl skriv godt og lett. Her er mange fakta, både lokale og nasjonale. Han har auge for det komiske i det han ser, slik at boka vert både lærerik, tankevekkjande og underhaldande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar