13. september 2019

Wilco (USF, Bergen, 7.9.19)

Det er diverre altfor lenge mellom kvar gong dette skjer: Eg er på konsert med eit band eg ikkje kjenner altfor godt. Eg har nokre plater med Wilco, men ingen spesielt ferske. Eg las nyleg sjølvbiografien til sjefen i bandet, Jeff Tweedy, og fann ut at eg ville ha med meg denne konserten.

Det var vel verdt det, konserten var over middels, og det kan godt henda at eg hadde angra om eg ikkje hadde teke turen. Nokre songar var fabelaktige, mange var svært bra, medan andre igjen var meir midt på treet.

Tweedy er ein sjarmerande forteljar, men me merka ikkje altfor mykje av det her, i alle fall ikkje mellom songane. Rundt halve konserten gjekk før han sa noko - han nytta høvet til å orsaka for at han ikkje hadde sagt noko så langt. Derfrå og ut var han meir snakkesalig.

Musikken? Det ligg vel framleis nokre americana-røter i det dei presenterer, men ikkje alltid. Høgdepunkta var nok eit par av dei songane eg kjende frå før ("War on War", "California Stars" frå Melrose Avenue, og ein cover av Bill Fay-songen "Jesus, etc."), men der var altså òg mykje anna bra. Av dei fem andre på scena var gitaristen Nels Cline glimrande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar