19. september 2019

Edvard Hoem: Heimlandet. Barndom (1985)

Edvard Hoem har dei siste åra gjeve ut ei rekkje romanar baserte på liva til tidlegare hendingar i slekta si. Her hentar han stoffet frå sin eigen barndom. Tittelen har ei form som gjer at ein tenkjer at ein seinare oppfølgjar ville heitt XXX. Ungdom, men så langt har ikkje Hoem skrive den boka.

Hoem er fødd i 1949, i Fræna i Romsdal. Det er ikkje lenge sidan, men lenge nok til at han fekk med seg overgangen til den moderne tida. Han hugsar då dei fekk straum, han hugsar korleis slektene var bundne til jorda dei dyrka, han hugsar korleis det var i små og kalde skulehus, han hugsar korleis det var før traktoren tok over for hesten, han hugsar korleis det var då alle i Molde kalla heimbygda hans for Karviland.

Og dette lagar han ein fin roman av. Av og til dukkar forfattaren opp med ei eg-røyst, som regel vert det heile sett gjennom "han" sine auge. Han er ein oppvakt gut, som ikkje berre likar å lesa, men likar det betre enn alt anna. Han ligg langt over jamaldringane sine, og han syg til seg det han kan av kunnskap. Det går gradvis opp for han at sjølv om han er odelsgut kan han ikkje ta over garden, slik han burde, og slik spesielt bestefaren forventar. Faren er omreisande emissær, og forstår betre at verda utanfor kan vera interessant.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar