10. september 2019

Apollo 11 (2019)

Dette vart litt repetisjon, men det var stas lell. Eg såg nyleg ein fjernsynsserie om kappløpet mot Månen; denne filmen handlar om den fyrste måneferda. Det er altså ein film der eg veit om lag alt som skal skje, men likevel: Det var full konsentrasjon heile vegen.

Alt i filmen er samtidig. Alle bileta, all dialogen. Me ser dei tre astronautane førebu seg, me ser dei gå inn i raketten, me ser dei på veg til månen, me ser dei på månen, me ser dei på heimvegen, me ser dei på jorda att. Me ser publikum ved Cape Kennedy, me ser dei mange i kontrollromma. Kamera er der heile tida, tett på, av og til for tett på. Det er flotte bilete heile vegen.

Og det er eigentleg det. Filmen gjer exactly what it says on the tin, og det er meir enn nok.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar